Heim Innspel Høviske ord september 2009

Høviske ord september 2009

Det går mot Stortingsval. Nytt av året er at me har fått eit eige politisk parti, oppretta for å kjempa mot valfridomen i det norske språket. Den pensjonerte norsklæraren (sic!), Einar Smørdal, har starta partiet ”Ett (skrift)språk”, som har til føremål å fjerna nynorsken i skulen og forvaltinga. Eg er spent på resten av kulturprogrammet til partiet, for ikkje å snakka om den utanrikspolitiske lina partiet vil leggja seg på.

Kva er det med nynorsken? Kva er det med nynorsk som gjer at han engasjerer så mange, gjer somme så aggressive at dei går frå bokmål til bokbål? Under ein skuledebatt på Nes i Akershus nyleg sa Amara Butt frå Unge Høgre at ”nynorsken skal tilbake til fjøset der den hører hjemme” – altså ei slags vidareføring av den klassiske Unge Høgre-parolen frå nokre val tilbake: ”La dem raute nynorsk”.

Partileiar Erna Solberg avdramatiserer haldningane til dei unge i partiet i eit intervju med LNK.no i sist veke: ” Kultur og språk er grunnlaget for identitet og tilhøyrsle, men er også viktig for å forstå andre sin kultur og religion. Høgre ønskjer eit mangfaldig og variert kulturliv kor flest mogeleg får høve til å delta og bidra. Målet er at norske kulturutøvarar skal kunne hevde seg i verdsklassa. Høgre vil føre ein politikk som tar vare på og utviklar norsk språk,” seier Erna Solberg. Ikkje mykje om sidemålsproblematikken her. Me får leva i vona om at partileiaren med norsk språk meiner begge dei likestilte språkformene nynorsk og bokmål.

Me har og fått vita at i FrP er det så viktig å fjerna sidemålsstilen (les nynorsken), at partiet har teke med ein strategi for å få fart på denne prosessen i det såkalla 100 dagars-programmet sitt.

I valkampen har representantar for Høgre og FrP teke til orde for å gjera sidemål valfritt og bruka ressursane på å styrkja basisfag som norsk og matte. I følgje desse partia skal altså faget norsk styrkjast ved at elevane skal få høve til å læra mindre norsk.

Dersom ein gjer eit skulefag valfritt, vil dei aller fleste elevar velja det vekk. FrP og Høgre vil altså styrkja norskfaget i skulen ved å la elevane kunna velja vekk bokmål i nynorskområde, eller nynorsk i bokmålsområde. Når dei same partia blir utfordra på skulepolitikk elles, plar omkvedet vera at det trengst meir kunnskap, meir lekser og meir disiplin i skulen. Men i det viktigaste basisfaget, norsk, ønskjer desse partia altså å redusera kunnskapen.

Dette heng ikkje saman. Faget norsk er sett saman av dei to språkformene nynorsk og bokmål. Begge formene er umistelege delar av den norske kulturarven og viktige bærebjelkar i nasjonsbygginga. Dersom det vert opna for prinsippet om at elevar i ulike delar av landet skal kunna læra seg ulike språkformer og velja vekk ulike delar av kulturarven vår, svekkjer me Noreg som nasjon. Sjølv om somme av dei som veks opp i LNK sine medlemskommunar, kanskje ville blitt glade for å sleppa å læra bokmål, må dei aldri få lov til det.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...