Heim Nyhende 54 prosent av ungdommane vil ikkje ha røysterett for 16 - åringar

54 prosent av ungdommane vil ikkje ha røysterett for 16 – åringar

Røysterett for 16 – åringar, ungdomskort og Tau – sambandet sto på dagsorden under Garborgsenteret sin valdebatt på måndag. Her fekk elevar frå Sauda, Strand og Bryne vidaregåande grilla politikarane.

Debatten er er ein del av valprosjektet Mot til å meina som blant anna er støtta av Kommunal – og regionaldepartementet.

138 elevar ved Bryne, Strand og Sauda vgs har delteke i ei kartlegging som Garborgsenteret har gjennomført om politisk engasjement. Kartlegginga viser blant anna at 54 prosent av dei spurde meiner 16 – åringar ikkje er modne nok til å stemme ved val. Likevel ville 65 prosent stemt i dag hadde det vore val. 37 prosent av ungdommane har svart dei ikkje er interesserte i politikk, medan halvparten oppgir at dei har sete i elevråd gjennom skulegangen sin.

Resultatet av kartlegginga var grunnlag for ein paneldebatt som valprosjektet Mot til å meina gjennomførte i går i Storstova på Bryne. Elevar frå Bryne, Strand og Sauda vgs grilla politikarane og krevde svar på alt frå røysterett for 16 – åringar til fleire ferjer i Tau – sambandet. Prosjektet Mot til å meina har som mål å auke den politiske interessa og deltakinga blant unge under 26 år. Det er Garborgsenteret på Bryne som driv prosjektet som skal gå fram til 2011. Prosjektet er blant anna støtta av kommunal – og regionaldepartementet.

mot2I paneldebatten i går deltok kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), Bent Høie (H), Gunnar Kvassheim (V), Tore Nordtun (Ap), Ingrid Fiskaa (SV), Morten Borgli (Frp) og Jan Gunnar Mattingsdal (KrF).

Det var elevane som hadde laga spørsmål og tema til politikarane, det var også dei som grilla politikarane med aktuelle spørsmål.

– Kvifor meiner du Magnhild Meltveit Kleppa at 16 – åringane ikkje er modne nok til å stemme ved val, når me i ei kartlegging fann ut at over halvparten av elevane ved dei tre skulane som me kjem frå meiner at dei sjølve ikkje er modne nok, var eit av spørsmåla frå utspørjarane Kristina Haugen, frå Bryne vgs og Kjell – Petter Hetland frå Strand vgs.

– Eg håpar at eit prøveprosjekt med røysterett for 16 -åringar i utvalde kommunar ved neste lokalval blant anna kan auke valdeltakinga, meinte Magnhild Meltveit Kleppa.

Både panelet og publikum i salen var splitta i spørsmålet om røysterett for 16 – åringar. Valdeltakinga for dei mellom 18 og 26 år i Time, Strand og Sauda var under 40 prosent i lokalvalet for fire år sidan.

Ungdommane stilte også blant anna spørsmål om digitale lærverk, om korleis lærarane kunne bli meir kompetente på digitale løysingar, om det er mogleg å få sertifikatet som valfag på vidaregåande, kvifor FrP ynskjer å legge ned Lånekassen og om dobbeltsporet til Eigersund blir klart innan 2015.

Heile vegen gav Arne Jensen i Norsk Redaktørforening og forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Tove Lie sine ekspertkommentarar på korleis politikarane klarte seg. Dei meinte politikarane klarte seg godt, trass i nokre tilfelle der panelet kanskje ikkje klarte å svare på spørsmåla dei fekk.

NYNORSK INSPIRASJON

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

Fem bibliotek kan bli nynorskfyrtårn

På landsmøtet i Noregs Mållag i helga lanserer direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark ei ny satsing på nynorskformidling i...

Tips til digital litteraturformidling på nynorsk

Kreativiteten i den digitale litteraturformidlinga blømer i desse koronatider! Utlånet av digitale bøker har auka dramatisk etter at biblioteka stengde. Her har me samla fleire tips...
Foto: Colourbox

Her finn du digitale skuleressursar på nynorsk

Her får du hjelp til å finna digitale ressursar på nynorsk til bruk i skulen. Stengde skular og digital heimeskule viser kor viktig det...

MEST LESE

Godt å møtast til festspel igjen

Festspelpublikummet i Ørsta og Volda fekk høyre og sjå programpostar med både Hallstein Bronskimlet, bibelspråk, konspirasjonsteoriar, frisk popmusikk og eksperimentell tango.

Tydde til sivil ulydnad etter manglande nynorsk i Heimevernet

Etter ni år med førespurnader om korrespondanse på nynorsk, rann begeret over for heimevernsoldat Erlend Trones (40). Då innkallinga...

Nynorsk litteraturpris til Tore Renberg: – Kan få lesarane i den nye tida til å elska litteratur

Tore Renberg får Nynorsk litteraturpris 2020 for romanen «Tollak til Ingeborg». – Det har vore forløysande for meg å...

På jakt etter føregangskommunar på lokaldemokrati

Kommunar over heile landet er oppfordra til å søkje om å bli føregangskommune innan lokaldemokrati. – Dette er ikkje...