Heim Nyhende – Alle kulturbygg bør ha gode fysiske rammevilkår

– Alle kulturbygg bør ha gode fysiske rammevilkår

– Viss regjeringa verkeleg vil støtte opp om levande lokalkultur bør ho betre rammevilkåra for organisasjonseigde kulturbygg.

 

Det meiner Endre Kleiveland, styreleiar i Noregs Ungdomslag.

I statsbudsjettet for 2015 legg regjeringa vekt på at kulturpolitikken skal leggje til rette for eit kulturliv som veks ut frå lokalt engasjement. Mellom anna blir det foreslått ein auke i momskompensasjon for idrettsanlegg på nesten 17 millionar. Momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg blir derimot ikkje nemnt.

Stortinget innførte i 2010 ei momskompensasjonsordning for frivillige organisasjonar, der målet har vore at organisasjonane skal få full momskompensasjon. Men ordninga er tilpassa slik at store delar av omsetninga til frivillige organisasjonar ikkje er mogleg å søkje momskompensasjon for, som nybygg, påbygg og ombygging av eigedom.

– Det at regjeringa vel å styrke kompensasjonsordninga tyder på at dei ser den store økonomiske utfordringa knytt til anlegg for idrettslag og foreiningar. Men regjeringa vektlegg òg at all kulturaktivitet bør ha gode fysiske rammevilkår. Då seier det seg sjølv at dette også bør gjelde for organisasjonseigde kulturbygg, seier Endre Kleiveland i ei pressemelding.

Stortinget skal 23. oktober handsame eit representantforslaget om betring av rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg. I forslaget ønskjer ein ei forenkling av regelverket ved at momskompensasjon også blir gitt for nybygg, påbygg og ombygging. Det blir og bede om at det blir oppretta ei eiga tilskotsordning for organisasjonseigde kulturbygg.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...