Heim Nyhende Varslar politisk kamp om mediekutt

Varslar politisk kamp om mediekutt

Regjeringspartia må bu seg på harde rundar i Stortinget for å få gjennom dei foreslåtte kutta i støtta til den norske mediebransjen.

 

Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet har allereie sagt klart ifrå at dei ikkje godtar dei foreslåtte kutta.

– Det ligg no eit stort ansvar på Venstre og KrF for å få fleire enn regjeringspartia med på ei større forhandling om mediepolitikken, i Stortinget. Eg håper vi får til eit breitt forlik, seier Arbeiderpartiets mediepolitiske talsmann Arild Grande til NTB.

Han kjem med reaksjonen på dei foreslåtte kutta like etter eit møte på Stortinget torsdag med leiinga ved Institutt for Journalistikk (IJ) i Fredrikstad. Bakgrunnen for møtet var forslaget til regjeringa om å kutte 1,5 millionar kroner i statsstøtta til IJ neste år.

Det betyr at støtta går frå 5 millionar i år til 3,5 millionar kroner i 2015. I tillegg foreslår regjeringa å fjerne støtta heilt over tre år.

– I ei eventuell sak kjem vi til å søkje fleirtal for å halde oppe løyvinga, seier Arild Grande.

– Fullstendig feil

Både styreleiar Britt Sofie Hestvik og leiar Eivind Lid i IJ møtte Grande torsdag.

– I ei tid da mediebransjen allereie slit tungt, vel regjeringa å kutte vidareutdanningstilbodet, som er viktigare enn nokon gong før. Det er ei fullstendig feil prioritering. Eg håper dei snur, og at støttepartia og den raudgrøne opposisjonen kan påverke dette, seier Lid til NTB.

I 2013 vart statsstøtta redusert frå 8,5 millionar til 6 millionar kroner, og på budsjettet for i år mista instituttet 1 million til.

KrFs mediepolitiske talsmann Geir Jørgen Bekkevold seier til NTB at det nesten kan sjå ut som ei styrt avvikling. Han vil prøve å få til eit møte med IJ-leiinga så raskt som råd og vil ta det opp i stortingsgruppa si.

– Det er vanskeleg å seie kva dei praktiske konsekvensane av dette blir, men det er ingen tvil om at dette er dramatisk for oss.

IJ har det siste året vore gjennom store endringar. Staben er halvert, og kursa blir i større grad enn før haldne ute i redaksjonane. IJ har selt det gamle bygget sitt, og instituttet har flytta inn i nye lokale i Litteraturhuset i Fredrikstad.

Sjokkert

Grande er sjokkert, og Bekkevold er svært overraska over at regjeringa tar omkamp på pressestøtta.

– Det hadde eg håpt at vi skulle unngå etter dei rundane vi hadde i fjor. I den situasjonen Medie-Noreg er i i dag, så er det ikkje kutt i støtta den rette medisinen. Det kjem vi til å leggje på bordet når vi skal forhandle. Eg håper at Venstre òg er der, slik at vi saman kan unngå det kuttet, seier han.

Finanspolitisk talsmann i Venstre Terje Breivik sa til Aftenposten onsdag at han var svært forundra over at regjeringa vil ta ein omkamp på dette, og partiet kjem til å sjå på saka på nytt.

Når det gjeld forslaget om å fryse NRK-lisensen, seier Bekkevold at det er problematisk ettersom partia ventar på å få ein full gjennomgang av NRK i Stortinget.

– Det er altfor tidleg å gjere slike grep før Stortinget har hatt denne gjennomgangen. Eg hadde i det minste venta at NRK fekk kompensert for lønns- og prisveksten, seier Geir Jørgen Bekkevold. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...