Heim Nyhende Arbeidet med ferjefri E39 er i gang

Arbeidet med ferjefri E39 er i gang

Torsdag heldt det nye styret for ein ferjefri E 39 det første møtet sitt og la der dei første planane for korleis heile Vestlandet raskt skal få ein ferjefri kyststamveg.

– Ein ferjefri E 39 er den viktigaste saka for Vestlandet, seier leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Rogaland Tom Tvedt.

Det nye styret er leidd av vegdirektør Terje Moe Gustavsen, som har med seg seks fylkesordførarar, fire frå Vestlands-fylka og fylkesordførarane i Vest-Agder og Sør-Trøndelag.

Vestlandsrådet og Tvedt meiner ei oppgradering av vegstandarden er heilt avgjerande for verdiskaping og realisering av nye arbeidsplassar.

– Møtet var godt, og me fekk sett på grunnpilarane for prosjektet. Mellom anna diskuterte me finansieringa av vegen, kva effektar Vestlandet kan få av fornybare energiprosjekt i samband med bygginga av vegen og organiseringa av prosjektet, fortel Tvedt til Nynorsk pressekontor.

Målet er å ha tre møte og ein stor konferanse kvart år.

Strekninga frå Kristiansand til Trondheim er på ikkje mindre enn 1.100 kilometer og involverer 49 kommunar og seks fylke langs kysten.

Tvedt fortel at dei ikkje har sett nærare på tidsperspektivet enno.

– Det får me ta på neste møte, men me har kome fram til at 100 milliardar for bygging av E 39 ikkje er mykje, seier Tvedt. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...