Regjeringa flyttar no delvis Statens bygningstekniske etat frå Oslo til Gjøvik.
Dette blir gjort fordi regjeringa meiner det er viktig å leggje til rette for kompetansearbeidsplassar over heile landet, heiter det i ei pressemelding.
– Godt fungerande tettstader og byar er ein føresetnad for livskraftige regionar, tilflytting og verdiskaping, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp).
Planen er å flytte ein tredjedel av etaten ut av Oslo. Flyttinga skal vere gjennomførd 1. januar 2012.