Heim Nyhende Tek tid å bygge omdømme

Tek tid å bygge omdømme

    Det tar lang tid å forankre omdømmearbeidet i kommunen sitt utviklingsarbeid, seier Anne Irene Myhr.

    Ho er prosjektleiar for omdømmeskulen som Distriktssenteret no har tatt over frå Kommunal-og regionaldepartementet. Omdømmeskulen kom opp som eit tiltak frå bulystgruppa som for nokre år sidan skulle gi kommunaldepartementet innspel på korleis ein kunne auke attraktiviteten ute i kommunane. Departementet dreiv skulen i 2008 før Distriktssenteret overtok. No er nettopp 2010-kullet avslutta, og ein har allereie byrja å planlegge ein ny runde neste år.

Responsen frå kommunane på kurset er veldig positiv, men ein ser jo at ein ikkje lett kjem til resultata. Men om ein ikkje får resultat på to år får ein det kanskje på fem, slår Myhr fast.

Få med næringslivet
Ho meiner det aller viktigaste kommunen kan gjere når ein startar på ein omdømmeprosess er å forankre arbeidet i kommunale planar.

Og innbyggjarane og dei tilsette i kommunen må få eit eigarskap til bodskapen. Omdømmet blir skapt i forhold til kva du gjer. Både sjukepleiaren og næringskonsulenten må formidle det same, meiner Anne Irene Myhr.

Ho trekk fram Drammen som eit godt døme på ein kommune som har snudd utviklinga og haldningane folk flest hadde til byen. Dei har arbeidd strategisk over lang tid, og ikkje minst hatt tett kontakt med næringslivet undervegs.

Det har ikkje vore eit reint kommunalt prosjekt, men eit Drammen-prosjekt der alle har bidratt. Det er viktig. I Drammen har dei hatt breie innvolveringsprosessar, dette har ikkje vore eit einmannsføretak. Og så må ein tenkje strategisk, og handle etter det. Det gir resultat, no er folk stolte over byen.

 

For like
Kommunane bør også føreta ein omdømme-måling i starten av ein slik prosess, meiner Myhr. Då vil ein lettare skjøne kva situasjonen er og kva folk trur og meiner om kommunen. Deretter må ein i fylgje Myhr arbeide målretta og opp mot spesielle målgrupper.

Blir kommuanane ofte for like når dei skal bygge omdømme?

Ja, ofte kjem dei til oss og fokuserer på den flotte naturen dei har frå fjell til fjord, eller det vakre kulturlandskapet. Men her blir dei nødt til å spisse bodskapen og finne det som faktisk er unikt og dristig nok. Og ikkje minst må dei bevise at dette faktisk er unikt for dei. Ofte er det medelevar på skulen som klarer å setje fingeren på kva som kjenneteiknar kommunen. Det hjelper med nokre friske auge frå utsida, meiner Myhr.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...