Heim Nyhende Ivar Aasen-instituttet blir omorganisert

Ivar Aasen-instituttet blir omorganisert

Ivar Aasen-instituttet blir ikkje lagt ned med det første, og både verksemda og mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur skal førast vidare, om enn i andre former. Det vedtok styret ved Høgskolen i Volda torsdag sist veke.

Korleis verksemda som i dag er knytt til instituttet, skal leggjast opp, er framleis uavklart. Styret ved høgskolen ønskjer å leggje mastergradsstudiet under éi av avdelingane ved høgskolen, men kva for éi det blir, skal høgskolen ta stilling til først i vårsemesteret.

Men studieopptak blir det også neste haust, og verksemda kjem uansett til å bli ført vidare.

– Ressursane blir der. Vi hadde oppe ei budsjettsak torsdag der det vart løyvd 900.000 kroner i såkalla satsingsmidlar til Ivar Aasen-instituttet, seier høgskoledirektør Jacob Kjøde jr. ved Høgskolen i Volda.

– Ivar Aasen-instituttet, som er så lite og har så få studentar, kan ikkje overleve utan særskild støtte, så dei får ei slik særskild støtte kvart år. Støtta har lege på rundt 900.000 kroner og ligg framleis inne i 2011-budsjettet, seier Kjøde.

Ei eiga arbeidsgruppe som høgskoledirektøren skal peike ut, skal i vårsemesteret greie ut om ulike modellar for studiet i framtida. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...