Heim Nyhende Austrheim lagar den beste kulturminnedagen

Austrheim lagar den beste kulturminnedagen

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft gratulerer Austrheim kyst- og sogelag med prisen for det beste arrangementet i samanheng med kulturminnedagane som går av stabelen no. Temaet i år er «Nabolag».

 

Austrheim kyst- og sogelag har laga eit spanande opplegg: «Austrheim frå steinalder til oljealder». Arrangementet er resultatet av eit godt, lokalt samarbeid. Det byr på eit variert program som vil gje lokalbefolkninga sjansen til å verta betra kjent med den lokale historia.

Austrheim kyst- og sogelag har markert kulturminnedagane i ei årrekkje. Laget utmerkar seg i år med å fokusera på den lokale historia gjennom tre arrangement:

– Vandring på steinalderstiane og forteljingar om funn frå området rundt Fosnstraumen

– Besøk til Statoil Mongstad-museet

– Båttur til Børilden med besøk til ein nedlagd frukt- og bærhage, ei gravrøys frå jernalderen og historier om livet på Børilden før fråflyttinga på 1990-talet

Kulturminnedagane skal bidra til å skapa forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø blant folk. Dagane vert arrangerte kvara år over heile Europa. I år vert dagane markerte på over 200 stader over heile landa.

– Kulturminnedagane er flotte arrangement, og eg vil nytta høvet til å takka alle dei frivillige som står bak. Eg er imponert over mangfaldet desse dagane kan visa fram! Difor vil eg oppmoda alle til å koma seg ut, finna fram til *ein av desse stadane og oppleva den fantastiske innsatsen dei mange frivillige gjer for å ta vare på kulturarven vår, seier Sundtoft.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...