Heim Nyhende Avklart rolle

Avklart rolle

– Mi oppgåve som ordførar når krisa er ute, er å vere talsmann for heradet, seier ordførar Solfrid Borge i Ullensvang herad.

Frå helikopterulukka i juli var eit faktum, var det ho som fronta heradet andsynes omverda, som svarte på spørsmål og informerte media.

– Etter ulukka hadde eg kontakt med politiet og fekk informasjon av dei, og det var den eg formidla vidare. Samstundes kan det vere andre involverte enn ordføraren som skal vere talspersonar for ein kommune.

For Ullensvang sitt vedkommande fekk presten i heradet ei sentral rolle etter ulukka, og det vart då naturleg at også han uttalte seg i media. Men ordføraren hadde det overordna ansvaret og innsynet i det som skulle kommuniserast ut.

– Det er også viktig at vi som uttalar oss, ikkje er med og haussar opp situasjonen unødig, men berre formidlar fakta, seier Borge.

Samstundes som at heradet har eit ansvar overfor ålmenta og media, har ein også eit ansvar for å vise samkjensle i ein slik tragisk situasjon, seier ordføraren.

Når så mange er råka, så har heradet ansvar for å kunne tilby hjelp til dei pårørande i form av kriseteam, psykiater, lege og elles det heradet har av kompetanse som kan vere til hjelp.

– Folk må få vite at dei kan få hjelp, seier Borge. – Vi var mellom anna svært opptekne av å skjerme dei pårørande for media i tida etter ulukka.

Å måtte vere den som står i front og blir sterkt eksponert i media i ein slik situasjon, var krevjande, medgjev ordføraren, og då er det viktig å ha gode nettverk rundt seg av folk ein kan lite på, og som ein kan søkje råd hos.

– Kva erfaringar har de som kommune gjort dykk etter denne ulukka?

– Ein slik ekstrem situasjon vil ein hauste mange erfaringar frå. Eg såg i alle fall fort at her måtte godt samarbeid til, mellom politiet, heradet og helikopterselskapet Airlift.

Ulukka var ikkje berre ei frykteleg tragedie for ein familie, også selskapet som eigde helikopteret, hadde det tøft etterpå, minner ho om.

– Airlift høyrer til i Kinsarvik, og dette er eit selskap som skulle drive vidare også etter ulukka. Det er klart det var vanskeleg for dei. Det at dei leigde inn ekspertise på kriser utanfrå, var til god hjelp, både for selskapet og for heradet.

– Det er i vanskelege tider som dette folk ser kva person du er, oppsummerer Solfrid Borge. – Det vil alltid vere ting ein ser i ettertid som ein kunne gjort betre, det er vi klar over. Då er det samstundes godt når vi får tilbakemelding på det som har gått bra undervegs.

Les også:

Med pressa i rådhuset

Når krisa rår

Viktig å ha ein plan

Førre artikkelNår krisa rår
Neste artikkelMed pressa i rådhuset

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...