Heim Nyhende – Behov for ei overordna språklov

– Behov for ei overordna språklov

Trine Skei Grande (40) trur nynorsken vil klare seg godt i ei tid der språk og identitet heng tett saman. Ho er ikkje like sikker på om ho blir ny leiar i Venstre etter Lars Sponheim.

– Kva forhold har du til nynorsk?
– Eg elskar å lese det og skulle gjerne ha nytta det meir sjølv .

– Venstre hadde i utgangspunktet ikkje partiprogram eller nettside på begge målformer. Programmet kom i nynorsk versjon ikkje så lenge før valet. Kva meiner du om det?
– Det seier noko om at me er eit parti med få ressursar, der arbeidet er bygd på dugnad. Er det fleire nynorskfolk som melder seg inn, skal me klare det mykje raskare neste gong.

– Skriv du nynorsk privat?
– Nei, eg har meir enn nok med å meistre bokmål.

– Kva var det viktigaste for deg då du var saksordførar for språkmeldinga?
– Det var fleire ting, men det aller viktigaste trur eg var å få klarlagt at det er behov for ei klar lovforankring for språk i Noreg, og at komiteen uttrykte seg positivt med omsyn til ei framtidig, overordna språklov.

– Klarer regjeringa no, etter di meining, å følgje opp språkmeldinga?
– Det er litt tidleg å seie, men manglande biblioteksatsing er eit dårleg teikn.

– Trur du ein no klarer å etablere Språkbanken?
– Det har eg forventningar om.

– Kva trur du om framtida til nynorsken?
– I ei tid der språk og identitet heng nærare saman, vil nynorsken klare seg godt. Ein skule som satsar på gode lærarar vil bygge opp om det.

– Kva skal til, trur du, for at også Oslo-avisene opnar opp for meir nynorsk i spaltene?
– Då må me som borgarar krevje det.

– Kva er dine politiske hjartesaker?
– Arbeidet for eit klimanøytralt samfunn og auka satsing på forsking og utdanning.

– Venstre gjorde eit dårleg stortingsval, kva trur du var grunnen til det?
– Venstre vart klemd inne i ein polarisert valkamp. Me kom ikkje godt nok fram med dei politiske sakene våre.

– Kva må Venstre satse på no politisk for å reise seg igjen?
– Me må vise at Noreg treng eit liberalt sentrumsparti som vil ta tak i dei store utfordringane som kjem. Me vil skape lågutsleppssamfunnet, satse på forsking, høgare utdanning og ein skule med gode lærarar.

– Blir du den nye leiaren i Venstre etter Lars Sponheim?
– Det valet gjer Venstre sitt Landsmøte i april 2010.

FAKTA
Trine Skei Grande (40)
Bur: Gamlebyen i Oslo
Aktuell: Nestleiar og parlamentarisk leiar i Venstre. Siglar no opp som ein av favorittane til å ta over som partileiar etter Lars Sponheim, som gir seg etter Landsmøtet i april 2010.
Språk: Bokmål, men skulle gjerne skrive meir nynorsk.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...