Heim Nyhende – Kurs på budsjettet

– Kurs på budsjettet

Ein runde blant nokre av nynorskkommunane viser at mange er opptekne av å bruke eit godt språk. Hemsedal kommune er ein av dei som no vurderer kurset På saklista.

– Mange av dei som kjem hit, kan ikkje nynorsk skikkeleg, seier rådmann i Hemsedal kommune, Gabriel Johannessen, og vedgår at behovet for å auke kompetansen i nynorsk er til stades. Hemsedal er ein av dei kommunane som no vurderer LNK sitt nynorskkurs for kommunetilsette, På saklista.

– Me registrerer at kunnskapen om nynorsk blir dårlegare, og mange av bokmålsbrukarane slit med å omsetje til nynorsk. Me har difor sett kurs på budsjettet, seier han, men legg likevel vekt på at Hemsedal truleg ikkje er den dårlegaste i klassen. Ifølgje Johannessen kan språk også vere ei utfordring når det gjeld rekruttering av personell til kommunen.

Sykkylven kommune er mellom dei som har gjennomført kurset På saklista med gode erfaringar.

– Eg meiner det var i 2006. Det var eit veldig bra kurs, men det er ikkje noko me har planar om å prioritere på nytt no. Men det er klart det kan vere aktuelt med kurs med jamne mellomrom, seier kommunalsjef Eldrid Suorza i Sykkylven kommune.

Ho legg vekt på at kommunen prøver å vere bevisst på korrekturlesing, og at det som går ut frå administrasjonen er korrekt nynorsk. Ho viser også til at kommunen no er i ferd med å vedta ein målbruksplan.
Rådmann i Vinje kommune, Hans Kristian Lehmann, fortel at kommunen har kurs i nynorsk for saksbehandlarane sine annakvart år.

– Vinje kommune brukar nynorsk på kommunen sine nettsider og som digitalt språk, men me ser at det stadig er rom for forbetringar, seier han, men legg til at det i ein hektisk kvardag ikkje alltid er like enkelt å halde fokus på eit godt språk.

Kontorsjef i Bykle kommune, Inger Lise Grønsand, seier at 90 prosent av det kommunen skriv på sine nettsider, er på nynorsk, og at kommunen har kurs for sine tilsette innimellom.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...