Heim Nyhende Språket er viktig

Språket er viktig

LNK og Høgskulen i Sogn og Fjordane samarbeidar om kurset På saklista. Målet er at lokalforvaltninga skal få eit betre og klårare språk.

– Målsetjinga med kurset er at lokalforvaltninga kan nå fram til brukarane sine med godt og rett språk, seier Tone Skjerdal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho er leiar ved HSF Oppdrag, høgskulen si eining for kurs og oppdrag.

Arbeidet for å styrkje språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for LNK. I 1994 gav LNK ut På saklista, som er eit kurshefte i nynorsk språk- og dokumentlære for medarbeidarar i kommunar og fylkeskommunar. Heftet kom i revidert utgåve på Fagbokforlaget i 2006. Også Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde kursopplegg for offentleg tilsette. Etter kvart fann aktørane ut at dei kunne samarbeide om å styrkje nynorsken i lokalforvaltninga.

Lite pågang

– Eit godt språk er viktig både for å kommunisere med innbyggjarane, men også innan administrasjonen og når ein skal kommunisere med politikarane. Då trengs det meir kompetanse, seier Skjerdal.

Sjølv om På saklista kan lesast på eigenhand, utgjer den grunnlaget i kursopplegget med same namnet. Kursa går over to dagar, og kurshaldarane har sjølve gått på kurs for å kunne gi eit best mogleg tilbod til kommunane.

Hovudforfattar er Jan Olav Fretland frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sjølv om mange kommunar er er opptekne av eigen språkbruk, kunne pågangen vore betre, meiner Tone Skjerdal.

– Det er ikkje mange kommunar som prioriterer å kursa folka sine,sjølv om ein god del enkeltpersonar er opptekne av språk, seier Skjerdal.

Høgskulen i Sogn og Fjordane og LNK marknadsfører no kurset i fleire kanalar for å nå ut til endå fleire kommunar.

– Me vil halde fram med å prøve å nå ut, seier Tone Skjerdal og understrekar at ein også fylgjer godt med på den statlege satsinga på eit betre og klårare språk.

Skriv enklare

Jan Olav Fretland meiner den største utfordringa for kommunane er å skrive enklare og kortare.

– Rådmenn og økonomisjefar burde spørje seg sjølv når dei skriv: Kunne eg sagt dette over hagegjerdet til naboen? Dersom dei svarar nei på det, må dei byrje på nytt, slår han fast. Bruk dei orda folk skjønar, og skriv meir presist, er andre råd frå Fretland, som sjølv kursar kommunane i eit betre språk.

Bakgrunnen for kurset På saklista er todelt, fortel Fretland.

– For det første er det ein god del feil i nynorsken rundt omkring. Mange har spørsmål om til dømes ordval eller om ein kan skrive ord som sluttar på –heit. For det andre skriv ofte administrasjonane for vanskeleg.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Vidaregåande skule

Elevane treng både «lærere» og «lærarar»

Kva skal til for at alle elevar skal få like god språkopplæring i skulen? Nøkkelen ligg hjå lærarane og i lærarutdanninga. Ei ny undersøking...

Ålesund blir språknøytrale

Formannskapet vedtok innstillinga til kommunedirektøren om språknøytralitet mot stemmene til SV. Det nyvalde formannskapet i Ålesund vedtok òg å melda kommunen ut av LNK, ifølgje...

Forlaget lagar tre dagars Fosse-fest

Jon Fosses forlag inviterer til folkefest i Oslo – medan hovudpersonen er i Sverige for å få Nobelprisen i litteratur. Den gratis Fosse-festen finn stad...

300.000 til Nobel-markering for Jon Fosse

Jon Fosse får overrekt litteraturprisen i konserthuset i Stockholm på Nobel-dagen 10. desember. Same helg er det lagt opp til ei markering i Bergen,...