Heim Nyhende Blir drilla i språk

Blir drilla i språk

– Hovudregelen for namn på offentlege institusjonar: Består det av meir enn eitt ord, skal berre første ordet ha stor bokstav. Lærar Åsmund Lien kiker ut over klassen sin, ein samling saksbehandlarar frå Kvinnherad kommune, for å sjå at det han seier når fram.

 

 

Det nikkast frå salen. Det heiter Kvinnherad sjukeheim, ikkje Kvinnherad Sjukeheim. Så veit ein det.

Det er dag to av kurset På saklista, som 18 tilsette frå heradet har fått lov å vere med på. Det har handla om grammatikk og om språkforståing. Om å skape forståing heller enn avstand.

På skulebenken

Kjartan Thoresen er arealforvaltar, og Astri Måkestad er rådgjevar for barnehagane i kommunen. Dei har no stava og grubla seg gjennom halvannan kursdag, og har mellom anna fått sett sine eigne tekstar under lupa. Tøft, kanskje? Mest nyttig, meiner dei.

– Vi måtte levere eit saksframlegg vi hadde skrive før kurset, og så gjekk vi gjennom dei i plenum, forklarar Astri Måkestad. – Det var mest som å vere tilbake på ungdomsskulen att, smiler ho.

Som så mange institusjonar kan ein kommune også lett danne eit stammespråk, ei språkføring med mange faguttrykk og interne vendingar. Det skapar avstand til lesaren, forklarar Måkestad.

Båe to seier dei ikkje nødvendigvis har hatt dei store, skilsetjande opplevingane

på kurset, men at dei har fått større medvit om sitt eige språk og har oppdaga feil dei har gjort i god tru i alle år.

– Til dømes bruker vi ofte mynde som nynorsk form av myndigheter, men det skal altså heite styresmakter, seier Kjartan Thoresen. – Og eventuelt skal forkortast «ev.», ikkje «evt.»

Får respons

– Men er det så viktig i den store samanhengen?

– Språket er den viktigaste arbeidsreiskapen vår, både det munnlege og det skriftlege, seier Thoresen. – Å ha eit godt språk er viktig for at vi skal forstå, ikkje misforstå.

Og bommar dei på språket når dei skriv saker, så får dei fort høyre det frå vakne politikarar, smiler han.

– Dette kurset er nok spesielt nyttig for dei som ikkje har nynorsk som hovudmålet sitt, meiner Astri Måkestad. – Men eg merker også sjølv at eg no er blitt meir medviten om kva språk eg fører.

Forventar resultat

På ei slik kurs pleier det vere maks. 15 deltakarar, men i Kvinnherad har dei fått lov å ta med 18.

– Vi har plukka ut dei tilsette hjå oss som skriv flest saker til politisk handsaming, og dei nyast tilsette saksbehandlarane, seier Gunn Berit Sandnes Fosse, personalrådgjevar i Kvinnherad. – Vi ønskjer no at språket vårt skal bli så godt og forståeleg at saker vi sender til politisk handsaming, ikkje kan misforståast.

Reint praktisk vil det seie at ei godt skriven sak er så klår at ho ikkje kjem i retur eller blir opphav til unødvendige benkeforslag – og kanskje til og med så klår at saksbehandlaren ikkje treng vere med på møtet.

Sandnes Fosse oppdaga språkkurset På saklista ein gong ho sjølv var på kurs ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Eg såg boka På saklista og syntest både ho og kursopplegget var ein god ide. Vi spurde då dei andre Hardanger-kommunane om dei ville vere med og søkje om å få kurs, og det ville dei vere med på. Slik fekk kvar kommune sitt kurs.

Påverka av bokmål

Kvinnherad er ein nynorskkommune der alle tilsette i administrasjonen bruker nynorsk i arbeidet, og det finst per i dag berre nynorskklassar på skulane. Både personalrådgjevaren og Elin Haugen i postmottaket, som også er kome til, meiner nynorsken står sterkt i kommunen.

– Men vi blir nok lett påverka av bokmålet når vi skriv, seier Elin Haugen – Det blir lett til at ein set om rett frå bokmål til nynorsk, i staden for å skrive saker om. Det blir ikkje alltid så bra.

Ho trur det beste ein kan få ut av eit språkkurs, er å lære å uttrykkje seg enkelt, ikkje for stivt, men gjerne nær talespråket.

Kurset På saklista er eit gratis tilbod per i dag, og i haust er det fem kommunar som har fått dette kurstilbodet.

– Vi syntest det var eit passande tidspunkt å ta dette kurset no, seier Sandnes Fosse.

– No skal vi byrje med nytt kommunestyre og nye folkevalde, vi skal rett og slett begynne frå scratch.

 

Førre artikkel@2rvund
Neste artikkelBlåmann Barnebokklubb feirar 10 år

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...