Heim Nyhende @2rvund

@2rvund

Kven synest eigentleg at omsette japanske haikudikt passar på Twitter? Dei 5 560 følgjarane til poeten Helge Torvund gjer i alle fall det.

Han er ein heller utypisk tvitrar, poeten, forfattaren og psykologen frå Ogna i Rogaland. Kvar dag, fleire gonger om dagen, strøymer maksimalt 140 teikn lange verseliner ut frå tastaturet hans og inn i Twitter-straumen til desse 5 560.

2rvund tvitrar eigne dikt, andre sine dikt, omsette dikt og verseliner som kanskje skal bli noko.

Ein gong, ute i sanddynene på Jæren, gjekk han og fabulerte og drodla i tankane. Fabuleringa vart til denne Twitter-meldinga:

@2rvund: Du er nede for telling. Eg er oppe for show. Du ellar ei elling. Eg seier Go! Me står i ei helling. Verken high eller low. Go! Go! Go!

Denne meldinga såg musikaren Bjørn Eidsvåg, og han bad Torvund om å gjere ho om til ein heil song. Slik vart hitten Nede for telling til.

Men grunnen til at Torvund engasjerer så mange, er at han ikkje berre gir, han lyttar og involverer seg, set i gang ordleik og gir respons, seier følgjarane hans. Sjølv seier han at han opplever at poesien har fått ein ny arena med Twitter, og at det var meininga hans heilt frå første tvitring.

– Dette har vore hovudprosjektet mitt heile tida, at eg kunne få opne nye auge for poesien, ei verd mange kanskje ikkje kjende til. Det har vore veldig tilfredsstillande.

Men han tvitrar ikkje heile tida, sjølvsagt gjer han ikkje det. Berre når han sit og jobbar, og kanskje når han treng å ta seg ein liten pause. – Folk legg ikkje merke til om eg er vekke frå Twitter i 4 timar, men dei merker nok at eg er der kvar dag, seier han.

Og så er det dette at teknologien ikkje får spele noka altomfattande rolle i livet, heller.

– Eg les om korleis teknologien verkar inn på menneska, og det er ikkje alt som høyrest lystig ut.

Difor er han nøye på å oppsøke andre veremåtar, som han seier, for å observere livet innafrå. I naturen, til dømes, der han berre er i naturen. Ikkje tilgjengeleg på mobil. Høyrer heller på tvitringa frå fuglane, seier han. – Vi må ha ein viss balanse, ikkje bli totalt oppslukte.

Helge Torvund vart 60 år i haust. Han er gift, har fem vaksne døtrer og er opphavleg utdanna psykolog. Den første diktsamlinga, Hendene i byen, gav han ut i 1977, då var han 26 år gammal. Etter det har det kome nesten ei bok kvart år frå hans hender, både poesi, barnebøker og faglitteratur, i tillegg til at han har vore litteratur- og kunstkritikar.

For 10 år sidan starta Dagbladet si lyriske satsing Diktkammeret, ein arena der lesarane kan sende inn og diskutere eigne og andre sine dikt, og der Torvund har vore diktlærar heile vegen. Det har vore spesielt, seier han, å få ha dagleg kontakt med skrivande menneske på den måten. Kunne bruke tid på det som opptek han. Ikkje alt han har lese seg gjennom på desse ti åra, har vore bra, sjølvsagt, men det å finne noko godt i det som andre har skapt, det er verdifullt. Og så er det ikkje til å kimse av at det har vore ei stabil inntektskjelde desse åra, noko som ikkje er så sjølvsagt for ein forfattar.

Då Torvund fylte 60 tidlegare i haust, valde forlaget hans, Samlaget, å feire han med eit matinéarrangement på Litteraturhuset i Oslo og ved å gje ut boka Å våge seg ut i ord. I samband med feiringa teikna konsulent Brit Bildøen i Samlaget eit bilde av Torvund som ein raus og klok poet og kalla arbeidet hans med Diktkammeret eit lite mirakel. Boka dokumenterer arbeidet som er gjort i Diktkammeret desse ti åra. Ho inneheld mellom anna Torvund sine leksjonar og Månedens dikt frå Diktkammeret, med kommentarar frå læraren sjølv.

– Det er ei stor og staseleg bok, seier Torvund. – Ei god 60-årsgåve.

Torvund har også fått Stavanger Aftenblad sin kulturpris i år, stemd fram av lesarane. Og så er det dette med den nyaste boka hans, Alabama?, ei bok som har vekt begeistring og engasjement. På Twitter.

Han er blitt synleg, Helge Torvund.

– Det at eg er synleg no, er fruktene av eit langt arbeid med å formidle poesi, meiner han sjølv. – For meg er det ein stor og viktig del av virket mitt å vere formidlar. Fordi eg opplever poesi som viktig, og fordi eg vil vise folk at det er ting å hente her, i poesien.

Poesien får så lite merksemd i litteraturkritikken og litteraturforskinga, seier han. Det er roman på roman på roman. Poesien kjem i skuggen. Det har han alltid vilja gjere noko med. – Eg var hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet i sju år. Eg puslar litt enno, greier ikkje leggje det vekk. Men det stod meir om lyrikk i Dagbladet då eg var der fast, enn det gjer i dag.

Når han så gav ut Alabama? i vår, var det naturleg å bruke Twitter for å gjere boka og poesien enno meir synleg. Små dryp av dikt jamt og trutt, med påfølgjande tilbakemeldingar frå om lag 5 560 konsulentar. Det verka, for første gong opplevde Helge Torvund at heile førsteopplaget av boka hans vart selt ut, og i sommar vart andreopplaget trykt.

Som om ikkje det var nok, har det skjedd noko med sjølve boka, Alabama?. Forfattaren og filosofen Øyvind Kvalnes har starta ein slags «book crossing», berre for boka Alabama?, og folk sender inn bilete i hopetal. Bilete av boka, tekne på ulike plassar. Samla på nettstaden alabamareiser.tumblr.com.

Som om Twitter tek poesi-bølgja, seier ein av følgjarane hans, og held fram: – Det er ikkje kvar dag poetar stagedivar, men Torvund gjer det på Twitter med Alabama?.

Smigrande, og litt tøysete. Torvund kan godt tåle litt tøys, seier han.

Men det skal litt mot til når ein legg seg sjølv ut til syne på denne måten. – Du skal vere trygg på kva du vel å ta omsyn til av respons, til dømes.

Du får respons som er så ulik, seier han, somme heng seg opp i det som andre synest er heilt greitt. – Det ender likevel med at du er heilt åleine om prosessen.

Alabama? har vore eit langsamt prosjekt, som byrja i 2007. Det første diktet i samlinga er eit dikt han las i faren si gravferd. Så vart han sjølv sjuk, av kreft, og somme av dikta i Alabama? er skrivne frå sjukesenga i Hillevåg, Stavanger.

Det vart eit stort manus til slutt. – For meg er Alabama? ei skikkeleg seriøs diktsamling. Eg har gitt alt eg kan.

Nyleg fullførte han ei barnebok, Vivaldi, som er på veg til bokhyllene oppunder jul.

Å skrive poesi og å skrive barnebøker, det inneber litt ulike tilnærmingar. – Eg er ein poet som skriv i inspirasjon, eg kan ikkje setje meg ned og bestemme meg for å skrive. Men forteljingane, ja, dei krev ei anna tilnærming. Det er ein langsam prosess med mykje omskriving.

– Eg går inn i eit anna rom, i ein annan tilstand, når eg skriv. I denne prosessen er det ein intensitet som eg sjeldan opplever i andre samanhengar.

Seier han, og understrekar at det er rom for tøys og ordspel så vel som alvor i denne prosessen. Men den er veldig fokusert.

– Eg har eit bevisst forhold til den underbevisste delen av meg. Eg er ein forfattar som ligg ein del på benken og ser opp i lufta.

Så kva no? Kvar går vegen vidare for Jær-lyrikaren?

– Eg veit aldri det.

Han har blitt utfordra av Rogaland teater til å skrive for scena. Han har lyst til å gje ut fleire barnebøker, og har nokre skisser liggjande. Kanskje blir det noko av ein meir sjølvbiografisk art ein gong. – Ikkje ein heilt vanleg biografi. Men ein slags poetisk, magisk tekst om ting eg har opplevd.

Han har skrive litt her og der, og det er slik det er:

– Det er mange ting det kan bli noko av, og det er mange ting det ikkje bør bli noko av. Sidan du no spør.

 


 

Sjølvmelding:

Helge Torvund

Alder: vart 60 år i august.

Bur: på Ogna sør i Hå kommune. Fødd på Nærbø i same kommunen.

Sivil status: har vore gift med Vesna i 27 år den 2. november.

Aktuell: tre bøker i år. Diktsamlinga Alabama?, Å våga seg ut i ord om Diktkammeret, og barneboka Vivaldi.

Les: Smil utan smilar, ny diktsamling av Einar Økland.

Høyrer på: Jasmine av Keith Jarrett og Charlie Haden.

Førebilete: vår ekstremt avslappa katt med namnet Naturvitskapen. Eg ønskjer å kunna vera så ubekymra som han. Men kanskje ikkje røyta fullt så mykje.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...