Heim Nyhende Bok frå folkeleg sosialist

Bok frå folkeleg sosialist

Nestleiar i SV, Bård Vegar Solhjell lanserer boka Solidaritet på ny i morgon føremiddag.

Boka er ei personleg farga historie om venstresida og det raudgrøne prosjektet si framtid og grunngiving, skriv Samlaget i ei pressemelding.

I morgon skal SV-nestleiaren ha pressekonferanse på Det Norske Teatret på føremiddagen, og same dag møter han Kristin Clemet til samtale på Tronsmo.

– Boka er eit oppgjer med konservative krefter i alle parti, og eit sterkt innlegg for fornying – i samfunnet, på venstresida og i SV. SV-nestleiaren skriv ærleg og innsiktsfullt om tvil og dilemma i store og små saker. Vi kjem på innsida av det raudgrøne prosjektet – ikkje i form av sladder, men gjennom refleksjonar rundt det å regjere. Solhjell peikar ut sin visjon og retning for dette politiske kompromiss-eksperimentet, men også for sitt eige parti SV, fortel Samlaget om boka.

Bård Vegar Solhjell (40) er frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane, og er utdanna statsvitar. Han har vore nestleiar i SV sidan 2007, kunnskapsminister frå  2007 til 2009, sidan det parlamentarisk leiar for SV. Han er gift, har tre barn og bur i Son i Akershus.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen. Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier...

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg...

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga...

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og...