Heim Nyhende Brenn for biblioteket

Brenn for biblioteket

– Vi må stille ut bøkene slik butikkane stiller ut snop, seier biblioteksjef Anne Elisabeth Waage i Radøy folkebibliotek. – Færre bokryggar, fleire frontar fram. Og meir nynorsk til lesarane.

Waage er sjef for eit bibliotek med avgrensa midlar og få tilsette. Ho skildrar ein kvardag med romslege opningstider og stort engasjement, trass i behovet for å vere fleire tilsette.

Og gjennom Nordhordland-samarbeidet mellom 8 kommunar greier biblioteket å få mykje ut av lite. Biblioteksjefen ramsar opp ulike tiltak biblioteka samarbeider om: formidling til barn, deltaking på kulturfestival, kulturkafé med forfattarbesøk, konsert med ord og tonar og ikkje minst pilotprosjektet Nye tider – ny norsk.

Skriv enkelt

Prosjektet kom til for å stimulere biblioteka til å fremje den nynorske litteraturen, og Waage seier dei legg vinn på å kjøpe inn fleire eksemplar av nynorskbøker viss økonomien tillet det.

– Det er viktig, seier Waage. – Der er så mange gode nynorskforfattarar no, og språket deira er så enkelt å lese. Ta ein forfattar som Ingelin Røssland, til dømes. Ho skriv for ungdom, og bøkene hennar er så kjekke å lese.

Men det handlar òg om å bevisstgjere og motivere dei tilsette. Derfor samlast dei tilsette frå alle åtte biblioteka éin gong i halvåret og har det sosialt og presenterer bøker for kvarandre.

Rokkar ved tradisjonane

Waage er ikkje i tvil om at det er avgjerande å ha ei medviten satsing på nynorsk litteratur i ei tid då språket er under press frå byane.

– Vi har lange, gode språktradisjonar her, og nynorsk er ein del av identiteten vår. Men nabokommunane Meland og Lindås, som grensar til Bergen, merker meir og meir press på nynorsken. Det har vi til tider gjort her i kommunen også, sjølv om vi framleis berre har nynorskklassar i skulane.

Men om det finst mykje bra litteratur å by lesarane på, så er det ein ting Waage saknar.

– Eg skule ønskje forlaga kunne hatt meir fokus på faglitteratur for barn. Det finst faktisk mykje kjekk faglitteratur for barn no, men nesten ingenting er på nynorsk. Dette blir nok eit område biblioteka i Nordhordland må jobbe med.

Bøker rett heim

Det er ikkje berre det interkommunale samarbeidet som ber frukter i Radøy. Også Leseåret 2010 set spor etter seg, og biblioteket på Radøy har brukt året til å motivere seg til ekstra innsats. No har dei etablert eit samarbeid med Radøy arbeidssenter, der all yrkesretta arbeidsverksemd er samla. Der har dei no fått ein lesekrok og eit sanseområde, og biblioteket leverer bøker og andre medium fast til senteret. På same vis er dei inne i eit tilsvarande opplegg med velferdssenteret i kommunen, der dei tilbyr litteratur, lydbøker og musikk til gamle som er i ferd med å bli demente og senile.

– Vi har òg ei teneste som heiter «Heim til deg». Her kan folk som av ulike årsaker ikkje kan kome i biblioteket, eller deira pårørande, tinge bøker og filmar av oss. Så leverer vi dei på døra.

Med oppfølging av faste brukarar av biblioteket i tillegg til arrangement og tenester dei leverer, er det nok å gjere for dei tilsette. Kva meir kan folk i Radøy ønskje seg?

– E-bøker, seier Anne Elisabeth Waage. – No håper eg at vi får e-bøker snart.

 


 

Radøy folkebibliotek:

1,7 årsverk

Kombinasjonsbibliotek med Radøy ungdomsskule

Samarbeider med Austrheim, Lindås, Meland, Fedje, Masfjorden, Modalen og Osterøy om pilotprosjektet Nye tider – ny norsk

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...