Heim Nyhende Brødfakta på nynorsk

Brødfakta på nynorsk

Opplysningskontoret for brød og korn har no lagt skulemateriellet sitt til rette også for nynorskbrukande elevar.

 

På nettadressa brodogkorn.no kan elevar i femte til og med sjuande klasse lære om til dømes kva for kornartar vi dyrkar i Noreg, korleis korn blir til mjøl, og korleis brød og korn kan brukast i ulike oppskrifter.

Ein kan teste kunnskapen sin ved å svare på ulike oppgåver, og prøve seg som bakar ved å følgje oppskriftene. Undervisningsmateriellet er tilpassa ein del av kompetansemåla i skulen i faget mat og helse.

Nyleg arrangerte Opplysningskontoret for brød og korn ein konkurranse der elevar frå femte–sjuande klasse skulle lage framtidas skulebrød. Det kom inn bidrag frå heile landet, men elevar frå Leirvik skule på Stord stakk av med førsteplassen. Som nummer to og tre vart høvesvis elevar frå Slidre skule i Valdres og Folkestad skule i Telemark.

Alle vinnarelevane har vunne ein bakedag for heile klassen saman med ein landslagsbakar, og alle dei tre vinnaroppskriftene vil bli prøvebakt på bakarlinjer i Oslo, Bergen og Stavanger. (NPK)

Førre artikkel– Må spele på lag
Neste artikkelStøttar lokalavisene

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...