Heim Nyhende Støttar lokalavisene

Støttar lokalavisene

– Dei nynorske lokalavisene produserer like mykje nynorsk lesestoff på eitt år som norske forlag gjer til saman på fire år, uttalte direktør Ottar Grepstad i sin årstale.

Han la vekt på at det desse avisene publiserer av tekst kvart år, svarar til meir enn 2100 bøker. Lokalavisene sto i sentrum då Grepstad hadde sin tiande årstale om tilstanden for nynorsk skriftkultur. Heile talen handla om nynorskpressa og støttepolitikken overfor pressa, og det er første gongen tekstmengda i norske aviser er blitt dokumentert.

I 2010 blir 58 aviser redigerte på nynorsk, opplyste Grepstad. Dette er kvar fjerde avis som blir gitt ut i landet. – Avisene er særleg viktige for nynorsk skriftkultur fordi ein stor del av avisene er redigerte på nynorsk og ein liten del av bøkene er skrivne på nynorsk, sa han. Grepstad meiner Noreg treng ein samla, systematisk og målretta mediestøttepolitikk for alle skriftmedia som er på høgd med røynda. Direktøren ved Ivar Aasen-tunet sende denne meldinga til det offentlege utvalet som om få månader legg fram forslag til statlege støttetiltak overfor media

– Mediepolitikken må presiserast ut frå det samfunnsoppdraget pressa har og slå fast at det oppdraget inkluderer styrking av begge skriftkulturane i Noreg.

Han tok til orde for ei støtteordning for journalistisk publisering på papir eller Internett med ein nynorskpott som svarar til 25 % av den samla pressestøtta. Ein slik nynorskpott må kome i tillegg til anna støtte.

– Så enkelt kan Noreg styrkje nynorskpressa utan å svekkje bokmålspressa og utan å tukle med det redaksjonelle sjølvstendet til pressa, sa Grepstad.

Les heile årstalen her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...