Heim Nyhende Bruk av dialekt minst akseptert i Oslo

Bruk av dialekt minst akseptert i Oslo

Dei som tener lite, er meir positive til både nynorsk, dialektar og nye varige minoritetsspråk enn dei som tener mykje, skriv Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015».

 

Å bruke dialekt er mest akseptert i vest og nord, minst i hovudstaden. Dette kjem truleg  ikkje som ei overrasking på dei fleste. I desse områda står dialektbruken sterkt, medan mange som flyttar til Oslo legg om dialekta.

Kvar dag i 20 dagar publiserer Aasen-tunet eit kapittel frå Ottar Grepstad sine «Språkfakta 2015». I dag kan du læra meir om kva me nordmenn faktisk meiner om språk.

LES OGSÅ: – Størst språkleg mangfald i Aust-Europa

Nynorskelevar føretrekkjer bokmål
Noreg er i ferd med å bli tredelt språkleg: dialekt i nord, nynorsk i vest, bokmål i aust.

Nynorskbrukarane finst i alle fylka, truleg òg i alle kommunar. Ein av tre nynorskbrukarar bur ikkje på Vestlandet, sjølv om det er der dei er mest konsentrerte.

Tre av ti likar å lese nynorsk. Dei fleste av desse bur i Oslo eller på Vestlandet – gjerne i nynorskkommunar. 

Jamt over likar nynorskelevane betre å lesa bokmål enn nynorsk.

LES OGSÅ: Meir kriminalitet i bokmålskommunar

Inntektsforskjell
Dei som tener lite, er meir positive til både nynorsk, dialektar og nye varige minoritetsspråk enn dei som tener mykje.

Dei seinare tiåra har Noreg fått innvandrarar frå over 200 land og sjølvstendige regionar. Desse har med seg endå fleire morsmål, men buset seg mest på Austlandet.

Éin av tre svara i 2013 at dei likte at Noreg blir eit meir fleirspråkleg samfunn, like mange verken likte eller mislikte det, og ein av tre likte det dårleg. 

Ein større del av innvandrarane i nynorskkommunar kjem frå vestlege land enn i resten av landet, skriv Grepstad.

LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar

Engelskskeptiske  nynorskmenn
Ifølgje Grepestad er bokmål under større press frå dialektar og engelsk, enn det nynorsk er. Dei som tener minst og mest er dei som er mest positive til meir engelsk i Noreg.

Nynorskbrukarane er meir kritiske enn bokmålsbrukarane til auka bruk av engelsk. Menn ser òg ut til å vere meir skeptiske enn kvinner til angliseringa av språket vårt. 

Vidare jamstilling av nynorsk og bokmål? 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...