Heim Nyhende - Bryt nytt land

– Bryt nytt land

– Ottar Grepstad har skrive ei mangfaldig og rik pressesoge. Han bryt nytt land, skriv Harald Stanghelle i Aftenposten.

Stanghelle legg vekt på at Grepstad ikkje minst har som den første analysert soga om kor avgjerande NRK vart for nynorsk som mediespråk, likevel trur Harald Stanghelle at nynorskpressa er meir fargerik enn Grepstad si bok Avisene som utvida Noreg.

Grepstad meiner i boka at det er blitt rausare kår for nynorsken, også i dei store riksavisene. Stanghelle er samd i dette, men trur ikkje Grepstad har mykje forståing for dei som argumenterer for eigenverdet ved at ei avis har eit gjennomført språk frå første til siste side. Kommentaren til Stanghelle er til dømes skrive på nynorsk denne gongen, men han legg ikkje skjul på at det er eit unnatak.

Stanghelle meiner også at draumen om ei stor, nynorsk riksavis er eit luftslott og at den ekte nynorske pressemakta ligg i lokalavisene.

Les kommentaren her.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...