Heim Nyhende Bygdalarm i Øystese er årets festival

Bygdalarm i Øystese er årets festival

Nok ein festival som bruker nynorsk er kåra til Årets rockefestival.

Bygdalarm i Øystese i Hardanger er kåra til Årets festival av Norsk Rockforbund, skriv Framtida.no.

I skrivet frå Norsk Rockforbund heiter det:

«Vinneren er en festival som med sin tydelige og unike identitet har markert seg som en fargeklatt i faunaen av norske festivaler. De har hatt tro på det litt odde konseptet sitt, og har blitt svært anerkjente for å bruke lokale matvarer og lokale tradisjoner på en ny og moderne måte.»

Sjølv skriv arrangørane om festivalen sin at han er «tufta på deilegpop og fenalår».

Festivalen har sidan starten i 2007 skapt store ringverknader for lokalmiljøet, og med masse humor og ei rekkje snedige tiltak har festivalen fått mykje merksemd både på lokalt, regionalt og riksnivå. Festivalen har vågd å satse på ein spennande bookingprofil og servert eit svoltent publikum både små og store, norske og internasjonale band frå forskjellige sjangrar. I tillegg har dei stått for ein edrueleg og økonomisk drift, noko som Norsk Rockforbund synest er spesielt positivt.

Festivalen runda 3000 besøkjande i sommar.

– Vi håper denne prisen kan inspirera festivalen til å halde fram det gode arbeidet sitt. Prisen er ei stadfesting for godt arbeid frå kollegaer i festivalbransjen. Så sjølv om vi ikkje deler ut ein stor pengesjekk, så betyr denne prisen tradisjonelt mykje for medlemmane våre. Bygdalarm har sidan starten vore ein fargeklatt, og me gler oss til fortsetjinga, seier konstituert dagleg leiar i Norsk Rockforbund, Lars Tefre Baade, til heimesidene deira.

I løpet av dei åtte åra rockeforbundet har delt ut pris, har prisen gått til fire festivalar som brukar nynorsk. Tidligare vinnarar av årets festival: 2004: Malakoff, 2005: Malakoff og Bukta, 2006: Vinjerock, 2007: Storåsfestivalen, 2008: Skral Festival, 2009: Slottsfjell og 2010: Buktafestivalen.

Som eit døme på andre prissette nynorsk-festivalar kan vi nemne Rock n’ LOL-festivalen på Søfteland i Os. Denne festivalen fekk tidlegare i haust Bergens Tidende sin pris Bergens Beste Festival. For sin nynorsk-innsats fekk dei også målprisen frå Os Mållag i førre veke.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...