Heim Nyhende Ravatn får pris for spenstig språk

Ravatn får pris for spenstig språk

Journalist Agnes Ravatn får Språkprisen 2011 for god bruk av nynorsk i sakprosa. Journalist Morten A. Strøksnes får bokmålsprisen.

– Då Språkrådet ringde og sa at eg hadde fått prisen glapp det ut av meg at det må vel vere like prematurt som då Jagland gav fredsprisen til Obama, seier Ravatn.

Tysdag fekk ho Språkprisen, som kvart år blir delt ut av Språkrådet for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen er delt inn i nynorsk og bokmål.

Agnes Ravatn fekk nynorskprisen for bøkene «Stillstand» (2009) og «Folkelesnad» (2010), og for arbeidet som spaltist og kommentator i Dag og Tid. Journalist Morten A. Strøksnes fekk bokmålsprisen for bøkene «Hva skjer i Nord-Norge» (2006) og «Et mord i Kongo» 2010, i tillegg til arbeidet som spaltist og kommentator i dagspressa.

– Begge har gjort mykje, men har framleis mykje ugjort, sa styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet før han delte ut prisane.

– Språkleg utagerande

– Vinnaren av nynorskprisen las så mange jenteblad då ho var mellom 10 og 14 år at ho heldt på å bli blind. Men tekstane hennar viser at ho har behalde synet: Med eit skarpt blikk for samtidsfenomen og tidsånd kastar ho lys over kvardagsliv og folkelesnad og set det nære inn i større samanhengar, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Tekstane til Agnes Ravatn blir av juryen framheva som både humoristiske og overraskande, nyskapande og språkleg utagerande. Tildelinga overraska likevel prisvinnaren sjølv.

– Då Språkrådet ringde og sa at eg hadde fått prisen glapp det ut av meg at det må vel vere like prematurt som då Jagland gav fredsprisen til Obama, seier Ravatn.

– Eg meiner det, eg har då ikkje halde på så lenge. Men det er fint at det går an å gi ein pris så tidleg i eit skriveliv.

Skatt og dress

I tillegg til 50 000 kroner kunne vinnarane ta med seg heim eit diplom og eit trykk av Kjell Nupen. I takketalen nytta Ravatn høvet til å rett ei ekstra takk til målrørsla.

– Dei har gjort det muleg og naturleg for meg å bruke nynorsk. Eg håpar dei synest det er greitt at vi har ei arbeidsfordeling der eg skriv og dei slåst, sa ho.

Agnes Ravatn innrømmer at å få ein slik pris er med på å skylje vekk ein del uvisse.

– Eg må jo tru på at Språkrådet veit kva dei gjer.

Men kva ho skal bruke prispengane på, har Ravatn ikkje heilt funne ut av enno.

– Eg kan vel ikkje seie at eg skal bruke dei til å betale ned skatt? Eg skal i alle fall kjøpe ein dress til kjærasten min. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...