Heim Nyhende Skarring: Nytt studium og nynorskblogg for internasjonale studentar

Skarring: Nytt studium og nynorskblogg for internasjonale studentar

Fleirspråklege studentar ved Universitetet i Oslo (UiO) går opp til skriftleg eksamen på nynorsk og praktiserer nynorsk på bloggen Skarring.

I vår gjekk 9 elevar opp til eksamen i det nye studiet NORINT2115 – Dialektar, nynorsk og språkhistorie, som er del av eit fagstudie for internasjonale studentar.

Studiet har fokus på tekstkompetanse, og elevane som kan ta dette, må ha studert norsk på høgt nivå.

Det nye faget, som tel ti studiepoeng, skal gi ei innføring i norske dialektar, norsk språkhistorie og nynorsk for internasjonale studentar. Studentane skal få eit grunnlag for sjølv å kunne undervise om det norske språklandskapet. Vidare skal dei kunna tileigna seg fagstoff med relevant innhald på nynorsk og kunna bruka nynorsk i eigen skriftleg produksjon.

– Alle elevane må skriva heile teksten på eksamen på nynorsk, fortel Toril Kristin Sjo, universitetslektor ved NORINT. Ho fortel at mange var skeptiske til om dette skulle gå bra. Språkstudentane gjorde all tvil til skamme, fortel Sjo.

– Det er heilt uproblematisk å skriva på nynorsk for fleirspråklege studentar, understrekar ho.

Elevane skreiv godt og fekk veldig gode tilbakemeldingar. Mange av studentane stiller seg undrande til at det er så mykje motstand mot nynorsk. Dei lurer i følgje Sjo på om nordmenn har for lite kunnskap om historie, og om det er difor dei stiller seg så kritiske til nynorsk.

Betre språkgrunnlag

Elena Tkachenko er førstelektor ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) og underviser i norsk på førskulelærarutdanninga. Ho var ein av studentane som deltok på studiet i vår. Tkachenko kom til Noreg i 2004 som stipendiat ved Universitetet i Oslo. Opphavleg kjem ho frå St. Petersburg i Russland. – Eg ville studera nynorsk då eg kom til Noreg, fortel Tkachenko. Nynorsk gjev betre grunnlag for å forstå norske dialektar, som ho møter i arbeidet sitt. Eg forsto ingenting då eg gjekk ut av klasserommet og møtte mange ulike dialektar blant kollegaer og lærarar. Tkachenko meiner det er eit stort hinder for mange med fleirspråkleg bakgrunn at dei får fritak frå sidemålskravet i undervisninga.

– For mange er det eit handikap å vera utan opplæring i nynorsk når dei i ein jobb til dømes skal nytta både nynorsk og bokmål. Utanlandske studentar vil dessutan kunna møta pensumlitteratur både på nynorsk og bokmål, fortel ho.

Bloggar på nynorsk

I samband med studiet er bloggen Skarring etablert som møtestad for elevar og føredragshaldarar for studiet.

– Bloggen skal vera ein prøvestad for det skriftlege språket, fortel Toril Kristin Sjo. Vidare seier Sjo at toleransen for hypotesetestande språkbruk skal vera stor i bloggen. Alle skal få skriva slik dei vil. Ved å blogga får studentane og elevane dokumentera si eiga språkutvikling og framdrift i studieemnet.

http://skarring.wordpress.com/about/

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...