Heim Nyhende Dårleg omdømme kostar

Dårleg omdømme kostar

Eit dårleg omdømme kan koste ein kommune dyrt i forhold til tap av innbyggjarar, seier omdømmeekspert Yngve Carlsson.

Distriktskommunar med dårleg omdømme vil få problem med å stoppe utflytting og å skape vekst i forhold til kommunar med eit bra rykte, fortel Carlsson til KRD sin eigen omdømmeportal Ry.

Carlsson er seinorforskar hjå Kommunenes sentralforbund og har forska på byar og bygder som har fått eit dårleg omdømme, anten lokalt eller nasjonalt.

Forskinga viser at eit dårleg omdømme mellom anna kan kome som eit resultat av omtalt krimminalitet, gjerne kopla til kultur eller eit lokalsamfunn som vert omtala som trist og stygt.

– Då tek lokalsamfunnet steget vekk frå å vere kulissar for kriminaliteten. I staden vert det ein del av forklaringa bak det negative som skjer der, seier Carlsson. Det kan ta langt tid for ein kommune å få snudd eit dårleg omdømme.

Men håp er det for alle, seier eksperten, og viser til korleis både Bjugn og Drammen har greidd å skaffe seg ry som høvesvis Årets barne- og ungdomskommune og ein av dei store vekstkommunane i landet.

Les heile saka hjå Ry.

Omdømmebygging er eit tema på landstinget til LNK i Loen 27. – 29. mai.

Av LNK NYTT 18.mai.2009

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...