Heim Nyhende Dei nynorske festspela vil ha tabu ut i lyset

Dei nynorske festspela vil ha tabu ut i lyset

Både festspeldiktar Lars Mæhle og språksamlaren Ivar Aasen har tatt opp tabu, som er tema under Dei nynorske festspela 2017.

 

Torsdag opna Gaute Øvereng, dagleg leiar ved Aasentunet Dei nynorske festspela med blomepålegging ved Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum. I år er det forfattar Lars Mæhle som er festspeldiktar og spesielt den siste boka hans, Den stille flokken, blir trekt fram under festspeltemaet, som i år er «Tabu».

– Openheita og toleransen i samfunnet vårt har brote ned tabu etter tabu, men framleis finst dei. Festspeldiktar Lars Mæhle set i den siste romanen sin søkelyset på ein undertrykkjande praksis som har overlevd heilt fram til vår tid, og som framleis kan vere vanskeleg å snakke om for fleire, fortalde Gaute Øvereng til dei frammøtte.

Det som ikkje blei snakka om

Blomar ved bautaen er den første programposten under Dei nynorske festspela kvart år. Her blir temaet for festspela det aktuelle året og festspeldiktaren presentert. Parallellane i arbeidet og livet til Ivar Aasen – og det arbeidet som blir gjort i dag av mellom andre forfattar Lars Mæhle, knyter fortid og framtid saman og minner publikum på ein større samanheng.

– I etterordet til Den stille flokken skriv Mæhle: Måten den norske staten har behandla taterane eller romanifolket på gjennom 1900-talet, oppfyller alle (desse) fem kriteria for folkemord.

Det som nesten er mest uverkeleg, er at desse overtrampa mot eit heilt folkeslag har skjedd heilt fram til vår eiga samtid. Svanviken arbeidskoloni var i drift til 1989. To år seinare brente den siste styraren alle papirdokument i arkivet på bruket, opplyser Mæhle lesaren om i boka si.

Då Lars Mæhle vaks opp, visste han ikkje om Svanviken arbeidskoloni på Eide på Nordmøre, som låg berre ti minutt frå der han vaks opp. Hit blei taterar og romanifolket tvangssende for å lære seg «Den norske bofaste kultur». Mange overgrep skjedde her.

– Det Mæhle her peikar på, har mange visst, men få snakka om, slo Øvereng fast i talen ved Aasen-statuen.

– Det handlar om å sjå dei

– Det handlar ikkje berre om å snakke om dei, men om å sjå dei, og Ivar Aasen var ein av dei som såg dei som fall utanfor i samfunnet. Aasen hadde eit varmt hjartelag, og det fekk dei kjenne dei trengande han gjekk forbi på gata. Ryktet spreidde seg om at Aasen var raus, noko som førte til at også tiggarane etter kvart oppsøkte han på døra. «Eg er i skatteklasse ein, for eg har ingen å forsørgje. Det kan nok hende at det er eg som har den største familien», sa mannen med dei mange tiggarane han livberga, fortalde Øvereng.

Startskotet for Dei nynorske festspela 2017 gjekk tradisjonen tru med denne faste programposten. I år dreg festspela tabu ut i lyset gjennom fire heile dagar der forfattarar, politikarar, journalistar, språkfolk, den norske staten, etterretninga, kunstnarar og publikum set undertrykking, framandgjering, det som er vanskeleg å snakke om og kvifor det er slik, på programmet.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...