Heim Nyhende – Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at det viktigaste manglar i innspurten.

– Definisjonen på læremiddel i forslaget femnar om for lite. Det er ikkje nok med berre dei få og store læremidla. Opplæringslova må få med digitale læringsressursar, appar, plattformer og verktøy som faktisk blir brukt i skulen. Når skulen blir meir og meir digitalisert, gjer i praksis forslaget at nynorskelevane får sjå språket sitt mindre og mindre, seier Tobias Christensen Eikeland, leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

– Tiltaka må komma med opplæringslova, elles kjem nynorskelevane til å liggje bakpå i tiåra som kjem, legg Eikeland til.

Den noverande opplæringslova vart vedteken for 25 år sidan.

Samstundes er det ikkje berre grått, meiner leiaren i Norsk Målungdom:

– Me er svært nøgde med at det blir språkdelt ungdomsskule. At elevane kan gå i klassar der hovudmålet deira er undervisningsspråket ut heile grunnskulen, er eit viktig og naudsynt tiltak for å skape trygge språkbrukarar, også i randsonene. Det blir også eit absolutt krav om at skriveprogram i skulen skal stø nynorsk fullt ut. Dette har me jobba for lenge, og gjer at store selskap som Google ikkje lenger kan sova i timen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...