Heim Nyhende Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal Hotell 1. og 2. juni.
Landstinget er ein viktig møteplass for dei over 100 medlemmane våre, og me håpar de har høve til å koma slik at kommunen din blir representert. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.
Tema for konferansen er mellom anna:

• Robotane er her! Korleis kan språkteknologi hjelpa nynorskkommunane?
• Korleis kan kommunane nå dei unge?
• Identitetsskapande merkevarebygging
• Språkpolitikk og innkjøpsmakt i kommunane
• Nynorsk inspirasjon

Under landstinget vert det høve til å møta medlemene våre, ei rekkje deltakarar frå andre kommunar og bedrifter, samarbeidspartnarane våre og fleire interessante utstillarar.
Det vert som vanleg lagt stor vekt på ein god balanse mellom det faglege og det sosiale under konferansen. 1. juni inviterer me til festkveld med konsert med Stig Ulv.
Melder de dykk på innan 1. mai, så er kommunen med i trekkinga av abonnement på to klassesett av Framtida Junior i eit halvt år til ein verdi av 15000 kroner!
Me ønskjer dykk hjarteleg velkomen til landsting og 30-årsjubileum!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...