Heim Nyhende Det Norske nominert til flest teaterprisar

Det Norske nominert til flest teaterprisar

Det Norske Teatret kan håve inn ni Hedda-prisar, mellom anna dei gjeve prisane for beste mannlege og kvinnelege hovudrolle når teaterprisane blir delte ut i juni.

 

Hedda-prisane blir delt ut årleg av Norsk teater- og orkesterforeining for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst. Nominasjonane for i år vart klare måndag. I alt har juryen vurdert over 150 teaterframsyningar og har nominert i ti klassar. Nytt av året er ein eigen pris for beste scenetekst.

– Det som kjenneteiknar teateråret 2013-2014, ved sida av det store spennet i sjanger og tematikk, er blant anna svært mange gode framsyningar for barn og unge, og stor geografisk spreiing på dei nominerte, seier jurymedlem Amund Grimstad.

Spretten Glimmerdal

I klassen beste mannlege hovudrolle går to av tre nominasjonar til roller ved Det Norske Teatret. Vidar Magnussen er nominert for rolla som seremonimeister i «Shockheaded Peter», Emil Johnson for rolla som den 15 år gamle autisten i «Det merkelege som hende med hunden den natta». Den tredje nominerte er Finn Arve Sørbøe for tittelrolla i «Jeppe» på Hålogaland Teater.

I klassa beste kvinnelege hovudrolle er Heidi Ruud Ellingsen nominert for tittelrolla som fartsfylt tiåring i Det Norske Teatrets «Tonje Glimmerdal», som også er nominert i klassen beste barne- og ungdomsframsyning. Ellingsen må konkurrere om Heddaprisen med Ingjerd Egeberg for rolla som Blanche i «En sporvogn til begjær» på Nordland Teater og Mariann Hole for rolla som Lulu på Nationaltheatret.

Nationaltheatret-kollegaen til Hole, Henriette Steenstrup, er nominert som beste kvinnelege medspelar for innsatsen i Ole Ivars-musikalen på Torshovteatret. Ho får konkurranse av Renate Reinsve og Yvonne Øyen.

Godot-nominasjonar

Av dei ni nominasjonane til Det Norske Teatret, går to til ein produksjon gjort saman med Riksteatret – «Mens vi venter på Godot». Duc Mai-The og Sigmund Sæverud er begge nominert i klassen beste mannlege medspelar for rollene i Godot-oppsetjinga, som var regidebuten til Bjørn Sundquist. I denne klassa er også Eirik de Barco Soleglad nominert for rolla som prins i «Robin Hoods hjerte» på Den Nationale Scene i Bergen. Denne framsyninga er også nominert for årets barn/ungdomsframsyning.

Flest nominasjonar til ei enkeltframsyning har det fem timar lange festspeleposet «Coelacanth» av Alan Øyen og Trøndelag Teaters svarte komedie «Besøk av gammal dame» fått. Trøndelag Teater kan glede seg over i alt seks nominasjonar, medan Nationaltheatret, der prisane skal delast ut 15. juni, har fått fem nominasjonar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...