Heim Nyhende Det norske teatret toppar Hedda-lista

Det norske teatret toppar Hedda-lista

Nominert til sju Hedda-prisar.

 

Torsdag vart det klart kven som er nominerte til teaterprisen Hedda. I alt skal det delast ut priser i ti klassar. Det Norske Teatret toppar lista med sju nominasjonar. Heile tre av dei går til kritikarroste «Solaris korrigert».

Ane Dahl Torp er nominert til prisen for beste kvinnelege skodespelar, ektemannen hennar Sjur Miljeteig er nominert for musikken til framsyninga og «Solaris korrigert» i Peer Perez Øians regi er også nominert i klassa for årets framsyning.

LES OGSÅ: Nynorskteater håpar på oppsving i byen

Tore Vagn Lid og Cecilie Løveids nyversjon av Nordahl Griegs «Vår ære/vår makt» på Den Nationale Scene i Bergen er nominert i heile fire ulike kategoriar, blant anna som årets framsyning og for beste regi ved Tore Vagn Lid.

I dei gjeve klassane for årets beste kvinnelege skodespelar er forutan Ane Dahl Torp, Nina Ellen Ødegård og Marit Østbye nominerte, mens Kåre Conradi får konkurranse av Andreas Stoltenberg Granerud og Henrik Mestad i klassen for årets beste mannlege skodespelar.

Heddaprisen blir delt ut årleg for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst.

Prisane blir delt ut 12. juni.

LES OGSÅ: Fosse vil ta Odin tilbake frå dei høgreekstreme

Her er nominasjonane!

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Gratis boktips til nettsidene til bibliotek og skular

No kan du få siste bokmeldingar, bokomtalar og forfattarintervju frå Lesedigg.no direkte inn på nettsidene til biblioteket eller skulen din. I juni opna den nye...

125 årsjubileum for Tarjei Vesaas : – Kanskje den fremste litteraturen som er skriven i dette landet

Som tenåring gjekk Tore Renberg til lokalavisa for å kjøpe eit portrett av forfattaridolet sitt, medan kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen framleis sit med...

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...