Heim Nyhende – Dette er trist

– Dette er trist

– Det er trist at politikarar i fullt alvor kan få seg til å hevda at sidemålsundervisninga i skulen gjer at ungdomar vert kriminelle, seier Marit Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Hege Jensen, andrekandidat på FrP si stortingsvalliste i Hedmark har til avisa Østlendingen hevda at «nynorsk fører til kriminalitet».

Les også: – Veit ikkje kva eg skal seie 

Bakgrunnen er at Jensen har «snakket med flere ungdommer med innvandringsbakgrunn om dette». Desse ungdomane er frustrerte av di dei «må lære bokmål og nynorsk» i skulen. Denne frustrasjonen kan føra til at dei sluttar på skulen og «Det ene fører til det andre» og «nynorsk kan føre til kriminalitet».

– For det fyrste er det slik at fråfallet på vidaregåande skule for det meste skjer på yrkesretta utdanning, ei utdanning som ikkje driv sidemålsopplæring, seier Marit Tennø.

– For det andre er det slik at svært, svært mange elevane med det Jensen kallar «innvandringsbakgrunn» alt for ofte har fritak frå sidemål. For det tredje finst det ingen dokumentasjon i det heile frå noka som helst gransking om at det er sidemålsopplæringa som gjer elevane som sluttar på vidaregåande skule «frustrerte».

Noregs Mållag viser til at dei vert jamt kontakta av norske skuleelevar med utanlandske foreldre som fortel det stikk motsette av det Jensen hevdar. Av di dei har ikkje-kvit hudfarge og har foreldre med eit anna morsmål enn norsk, vert desse elevane definerte som «minoritetsspråklege».

– Dette trass i at dei har budd i Noreg heile livet og snakkar kav norsk. Sanninga er jo at elevane slett ikkje er minoritetsspråklege. Dei er ofte fleirspråklege. Dei meistrar norsk og dei snakkar ofte eitt eller fleire språk i tillegg. Ein svært god eigenskap, seier Marit Tennø.

– I eit integreringsperspektiv er det slett ikkje noko i vegen med bakgrunnen til desse elevane med «innvandringsbakgrunn», derimot er det eit stort politisk problem i eit integreringsperspektiv at staten og kommunen bortdefinerer desse elevane ut av det norske ved å gje dei stempelet «minoritetsspråklege». Dei er slett ikkje minoritetsspråklege, dei er fleirspråklege og det er ein eigenskap stat og kommunar burde verdsett mykje høgare, seier Marit Tennø.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...