Heim Nyhende – Veit ikkje kva eg skal seie

– Veit ikkje kva eg skal seie

Hege Jensen (Frp) har fått mykje merksemd over påstanden om at nynorsk kan føre til kriminialitet. Vebjørn Sture i Norsk Målungdom har fått seg ein god latter av saka.

På eitt døgn har Østlendingen si sak om at Hege Jensen, andrekandidat i Hedmark Frp, som meiner at nynorsk kan leie til kriminalitet, vorte delt over 24.000 gongar på Facebook.

– Det kan føre til frustrasjon, dropout og kriminalitet, sa Jensen om nynorsk, til Hamar Arbeiderblad.

Politikaren var særleg uroa for at nynorsk kan leie til integreringsproblem, som igjen kan føre til kriminalitet, skriv Framtida.no

– Eg har snakka med fleire ungdommar med innvandrarbakgrunn om dette. At dei i skulen både må læra seg bokmål og nynorsk skaper frustrasjon. Frustrasjon kan føra til at dei vert leie og droppar ut av skulen. Det eine fører til det andre. Ungdommane har ikkje sagt at nynorsk fører til kriminalitet, men det er tankar eg personleg gjer meg, uttalte Jensen til Østlendingen.

Les også: Meir kriminialitet i bokmålskommunar

Saka har gitt eit skred av kommentarar i sosiale medium som Facebook og Twitter.  Leiaren i Målungdommen har sjølv delt saka på sosiale medium og fått seg ein god latter, men slit med kva han skal seie til utspelet.

– Det er sjeldan eg vert målbunden, men at nynorsk leier til meir kriminalitet er ein relativt spesiell ting å påstå, og slik eg har forstått det er det ikkje akkurat tung empiri som ligg bak dette, seier Sture lattermildt til Framtida.no og held fram: 

– Eg ser for meg at nokon i Hedmark Frp sit med hovudet i hendene i dag, for dette var ikkje heilt heldig, kommenterer leiaren i Målungdommen, som meiner at utspelet neppe hjelper Jensen til ein stortingsplass.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...