Heim Nyhende Det blir rekordmange nye ansikt på Stortinget

Det blir rekordmange nye ansikt på Stortinget

Ikkje sidan 1945 har det vore større utskifting av stortingsrepresentantar enn det kjem til å bli ved stortingsvalet i haust.

Uavhengig av korleis oppslutninga endrar seg mellom partia i innspurten av valkampen, er det klart at det aldri tidlegare i nyare tid har blitt valt inn så mange nye representantar.

I augneblinken er 68 av 169 stortingsrepresentantar nye, ifølgje NTBs gjennomgang basert på gjennomsnittet av meiningsmålingane frå Poll of polls.

For fire år sidan var det 35 nykommarar. Ved dei fem førre stortingsvala før det, har talet på nye variert mellom 42 og 53.

Sit kortare
Valforskar og professor Anders Todal Jenssen ved NTNU fortel at det vanlege er at to av tre stortingsrepresentantar held fram.

– Den typiske stortingsrepresentanten sit i to periodar. I eit historisk perspektiv har den gjennomsnittlege tida ein representant sit på Stortinget gått ned. Det heng igjen saman med at stortingsrepresentantane er blitt yngre, seier Todal Jenssen til NTB.

Fleire kvinner
Av dei 68 som ligg an til å bli valt inn for første gong, er 28 kvinner. Det er ein kvinnedel av nykomarane på 40 prosent.

Også samla vil det nye Stortinget få ein kvinnedel på rundt 40 prosent. I augneblinken er 72 av dei 169 representantar kvinner, noko som gir ein kvinnedel på 42,6 prosent. Slår det til, vil det bli den høgste delen kvinner på Stortinget nokon gong, opp frå 39,6 prosent i den avtroppande nasjonalforsamlinga.

Broilertungt
NTBs gjennomgang viser vidare at det nye Stortinget vil bli fylt opp med sterk overvekt av personar som har politikk som si einaste arbeidserfaring.

Det er på linje med kva tankesmia Civita fann ut under ein tilsvarande gjennomgang i juli. Der kom det også fram at delen høgt utdanna representantar ser ut til å auke frå sju av ti til åtte av ti. Gjennomsnittet i befolkninga er at 30 prosent har høgare utdanning. (©NPK)

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...