Heim Nyhende Dialektpris til Lars Vaular

Dialektpris til Lars Vaular


Rappar og låtskrivar Lars Vaular har fått Dialektprisen, som kvart år blir utdelt av Norsk Målungdom. Leiar i Målungdomen, Janne Nygård, roste prisvinnaren for sjølvsikker og kreativ bruk av bergensdialekt.

– Lars Vaular har vore med på å gjere det kult å bruke bergensdialekt, konstaterte målungdomsleiaren under prisutdelinga fredag.

– I mange år har prisvinnaren nytta dialekten sin på eit domene der det ikkje er sjølvsagt å nytte dialekt eller norsk, men Lars Vaular har gjort det til eit av sine særpreg. Når usikre ungdomar høyrer han rappe på klingande bergensdialekt, gjer det godt for den språklege sjølvkjensla, heldt Nygård fram.

Takka mor og far

– Eg vil gjerne takke mor og far. Det var dei som lærte meg at eg måtte stole på meg sjølv og vere den eg er, sa prisvinnaren i takketalen.

Lars Vaular (f. 1984) kjem frå Åsane i Bergen. Han er ein rappar og låtskrivar, og har rappa på bergensk sidan 2003. I 2010 kom plata Helt om natten, helt om dagen, som fekk nasjonal merksemd. Som dialektprisvinnar er han i selskap med mellom andre Ravi (2004), Are og Odin (2006), Linda Eide (2008) og Eli Kari Gjengedal (2009).

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...