Heim Nyhende Etterlyser fagområde

Etterlyser fagområde

 

Håvard B. Øvregård skulle gjerne ha sett at språkmeldinga hadde påverka regjeringa sitt arbeid på fleire område enn rein språkpolitikk.

Øvregård meiner mange av tiltaka i meldinga er viktige. Likevel er det nokre som peikar seg ut, blant anna utarbeiding av ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport, lovfesting av ei samla språkpolitisk melding til Stortinget kvart fjerde år og utarbeiding av ei allmenn språklov.

– Korleis meiner du regjeringa har klart å gjennomføre tiltaka i meldinga til no?

– Det er framleis for kort tid sidan meldinga vart vedteken, til at ein kan gi noka skikkeleg evaluering, men eg synest ein har kome for seint i gang med å setje ut i livet dei mange gode intensjonane i meldinga, meiner han og legg til:

Den største svikten eg ser, er at språkmeldinga ikkje har hatt synleg påverknad på regjeringa sitt arbeid på andre område, til dømes i barnehagepolitikken.

Gjeld alle fagområde
Språkmeldinga seier at det skal leggjast til rette for bruk av norsk språk generelt og nynorsk spesielt i alle sektorar i norsk samfunnsliv og i alle aktuelle språkbruksfunksjonar.

– Då er det ikkje godt nok at til dømes stortingsmeldinga Kvalitet i barnehagen ikkje nemner bruk av nynorsk i barnehagen.

Skal språkmeldinga følgjast opp i praksis, føreset det at også kulturministeren sine statsrådskollegaer tek omsyn til at dei skal bruke norsk generelt og nynorsk spesielt på sine fagområde, slår han fast.

Politisk vilje
Øvregård meiner språkbanken er det største einskildtiltaket i språkmeldinga, og at satsing på språkteknologi er avgjerande for at ein skal klare å styrkje og halde ved like det norske språket. Likevel er det lovnaden om å arbeide for likestilling mellom bokmål og nynorsk som etter Øvregård si meining er det gjevaste i meldinga.

– For Noregs Mållag var det viktigaste med språkmeldinga at ho så tydeleg stadfester eit språkpolitisk mål om å gjere nynorsk meir reelt likestilt med bokmål, og at ho uttrykte ein klar vilje til å bruke politiske verkemiddel for å nå dette, meiner han.

Då statsråd Trond Giske la fram meldinga i 2008, uttalte han at to skriftspråk er ein styrke som gir oss ein større språkkompetanse og språkleg kreativitet.

– Utfordringa er å gjere Noreg til eit reelt tospråkleg samfunn, sa Giske.

Fine ord
Øvregård etterlyser også at språkmeldinga sine tiltak om standard for språkleg kvalitet og system for språkleg internkontroll i staten vert følgde opp. I tillegg vil han gjerne sjå meir dokumentert kunnskap om sentrale område, som målbyte i skulen og arbeidsliv.

Det er viktig at staten går føre med eit godt døme som reelt tospråkleg, og at han brukar og synleggjer både nynorsk og bokmål.

I kva grad er språkmeldinga viktig i utviklinga av norsk språk?

Meldinga er veldig viktig, men det avgjerande er om ein får på plass eit system for oppfølging av dei overordna måla som ligg i språkmeldinga. Fine ord på papir er lite verde i seg sjølv, men her er dei eit naudsynt og avgjerande utgangspunkt for handling.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...