Posten droppar ordninga med ein pris same kvar i landet sendinga skal, og gir tettbygde område rabatt.
Den nye ordninga gjeld for bedriftskundar som skal sende mykje post på ein gong. Sendingane må vere over 50 gram og i same format, skriv Nationen.
Det betyr at det vil koste meir å sende eit blad til grisgrendte strøk enn til det sentrale Austlandet. Posten grunngir endringa med at dei vil bli meir konkurransedyktige i tettbygde område. (©NPK)