Heim Nyhende Få universitetslærarar kjenner måla i språkpolitikken

Få universitetslærarar kjenner måla i språkpolitikken

Berre to av ti universitets- og høgskulelærarar kjenner til det sentrale omgrepet i den nasjonale språkpolitikken, parallellspråklegheit – at norsk skal vere det nasjonale fagspråket, engelsk det internasjonale, viser ei rundspørjing Språkrådet har gjort.

 

Samtidig veit berre ein firedel av lærarane om institusjonen dei arbeider ved, har laga eit eige språkpolitisk dokument i tråd med språkmeldinga, går det fram av undersøkinga TNS Gallup har gjort for Språkrådet.

– Overraskande få kjenner til det sentrale omgrepet parallellspråklegheit, og det er stor mangel på kunnskap om den gjeldande språkpolitikken i universitets- og høgskulesektoren, skriv seniorrådgivar Dag F. Simonsen i Språkrådet i ein artikkel i bladet Språknytt.

Mange underviser på engelsk

Undersøkinga viser elles at 59 prosent av dei som underviser ved universiteta og høgskulane, har undervist på engelsk dei siste to åra. Over halvparten av desse, 54 prosent, meinte likevel at fagstoffet vart betre formidla på norsk.

Berre 14 prosent meinte engelsk var det beste, men her var dei yngre meir positive til engelsk enn dei eldre. I aldersgruppa 25– 44 år meinte så mange som 23 prosent at formidlinga av fagstoffet blir betre på engelsk. Blant dei som hadde ein annan språkbakgrunn enn norsk, var talet 48 prosent.

Berre 6 prosent av dei 545 spurde universitets- og høgskulelærarane vurderte sin eigen kompetanse i engelsk som dårleg, mens 73 prosent meinte dei var gode eller svært gode i engelsk. Resten meinte engelskdugleiken deira var meir midt på treet.

Strategiseminar

Det var dessutan fleire med høg enn med middels eller låg vurdering av sine eigen kompetanse i engelsk, som faktisk hadde undervist på engelsk dei siste to åra. God engelskkompetanse hos læraren, aukar med andre ord sjansen for at dei underviser på språket.

Språkrådet og Universitets- og høgskulerådet skal denne månaden møtast til eit strategiseminar om språkbruken i den høgare utdanninga. Språkrådet håper det kan leie til at kunnskapen om den gjeldande språkpolitikken aukar blant dei som underviser ved universiteta og høgskulane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...