Heim Nyhende Distriktsbutikkar får utviklingstilskot

Distriktsbutikkar får utviklingstilskot


175 små daglegvarebutikkar i distrikta får no investerings- og utviklingstilskot for å sikre vidare drift.

I 2010 sette Kommunal- og regionaldepartementet av 15 millionar kroner til å styrkje små daglegvarebutikkar i distrikta. Etter hard konkurranse mellom søkjarane blir pengane no fordelte på 175 butikkar.

– Eg veit at nærbutikken er viktig for mange lokalsamfunn. Butikken som møteplass og tenesteleverandør i eit bygdesamfunn kan ikkje overvurderast, det er sjølve limet i bygda. Det er difor svært gledeleg at så mange har søkt, og dermed vist at det er mange engasjerte butikkdrivarar som vil satse, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet har sett av 15 millionar kroner til det same tiltaket i 2011. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...