Heim Nyhende Distriktsjobbar til 1,6 millionar kroner per stykk

Distriktsjobbar til 1,6 millionar kroner per stykk

Staten har brukt 280 millionar kroner på å skape fleire arbeidsplassar i såkalla næringshagar i distrikta sidan tusenårsskiftet. Resultatet er 139 nye arbeidsplassar.

Kvar nye distriktsjobb som er skapt gjennom dei 53 næringshagane landet rundt, har dermed ein prislapp i snitt på 1,6 millionar kroner, skriv Aftenposten.

Då dei første næringshagane vart oppretta for ti år sidan, var meininga «å stimulere til utvikling av nye arbeidsplassar innafor kompetansebasert næringsverksemd distrikta». Hjelpemiddelet skulle vere å tilby kontor, breiband og annan infrastruktur under eitt tak.

Næringshagane har i dag 2.572 fleire tilsette enn for sju år sidan. Men Riksrevisjonen har påpeikt at trekkjer ein frå arbeidsplassar som allereie fanst, er det berre skapt 139 nye jobbar som kvar er støtta med 1,6 millionar kroner.

Både Næringsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet forsvarer støtteordninga, men varslar betre oppfølging. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...