Heim Innspel Hagl av leksikon over Førde

Hagl av leksikon over Førde

Tysdag 20. oktober klokka 11.00 hagla det med nynorske leksikon over Førde. Det nynorske nettleksikonet Allkunne.no vart presentert på Hafstad vidaregåande skule, og på Sunnfjord hotell la NRK Sogn og Fjordane fram fire digre bøker med fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dei byggjer på fylkesleksikonet på nett, som NRK Sogn og Fjordane har hatt på nettsida si sidan 2001.

I staden for å øse meg over at lanseringane kom oppå kvarandre valde eg å ta det som eit godt teikn i tida for alle som har sakna nynorske leksikon. Eg var med på lanseringa av Allkunne.no, med ein meir eller mindre engasjert avgangsklasse som publikum. På spørsmål om nytteverdien strekte éin seg til å seie at han nok trudde det kunne kome til nytte i norsktimane!

Attersyn

Eg var litt splitta i hovudet der eg sat. Mintest attende til då vi i NRK Sogn og Fjordane byrja med nettleksikon i 2001. Det var mogeleg på grunn av ein medarbeidar og fylkeskjennar som Ottar Starheim, og pengar frå Sogn og Fjordane Sparebank, Sogn og Fjordane fylkeskommune og nrk.no. Sistnemnde vart med for at opplegget skulle vere ein pilot for eventuelle andre fylkesleksikon rundt om på distriktskontora. Men ingen andre har våga seg i ferd med det.

Tung arv

Nettleksikonet for Sogn og Fjordane er eit framifrå døme på slikt som aldri hadde vorte noko av om vi hadde visst kva det ville koste av tid og pengar. No har det også kome i bokform og kan settast i ei hylle, Men det som for alltid vil kvile på kontoret sine skuldrer, er at nettutgåva skal haldast ved like og fornyast, år ut og år inn. No set dei to medarbeidarar på å få det rusta opp, etter at bokprosjektet har kravt all tid lenge. Deretter skal ein person halde det ved like med éin arbeidsdag i veka. Det er ein tung arv for eit lite distriktskontor, men flott for Sogn og Fjordane.

Samarbeid

Før eg slutta som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, gav eg munnleg godkjenning til at Allkunne.no kunne bruke fylkesleksikonet vårt som kjelde for omtale av stoff frå Sogn og Fjordane. Eg har ikkje tenkt meir på det før eg no oppdaga at så ikkje er tilfelle. Det er i alle høve ikkje kreditert under kjelder. Då kjenner eg i øsinga eg let fare over dobbeltlanseringa. Så god råd har vi ikkje i nynorskverda at vi kan drive dobbeltarbeid på denne måten. Eit nettleksikon er ei ævemaskin der vi treng å dra vekslar på kvarandre for å makte jobben. Eg ynskjer lukke til, både for www.nrk.no/sfj/leksikon og www.allkunne.no

Magni Øvrebotten er leiar for NRK Nynorsk mediesenter

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...