Skal bokmålsutgåva av Wikipedia sidestillast med nynorsk-utgåva når det gjeld domene-namn? Det er ein diskusjon Wikipediabrukarar kan ta stilling til og stemme over fram mot 8. februar.
Bokmålswikipedia har domenenamnet no.wikipedia.org, medan nynorskutgåva har nn.wikipedia.org. Til samanlikning har svensk wikipedia sv.wikipedia.org. Spørsmålet no er om bokmålsutgåva skal få “førenamnet” nb i staden for no. Nb står for norsk-bokmål, nn for norsk-nynorsk, medan no berre signaliserer norsk.
Avstemminga om dette starta i går og varar fram til 8. februar. På Wikipedia er det oppretta eigne argumentsider kor synspunkt for og mot endring av domenenamnet er lista opp. Eitt av argumenta for å byte til nb er mellom anna at “Nynorsk anses som en mindreverdig målform når bokmål og riksmål bruker en språkkode som egentlig skal representere alle norske målformer.”
Les meir:
Heile saka hjå Digi.no.
Argumentliste 1
Argumentliste 2