Heim Nyhende Driftige sunnmøringar til topps

Driftige sunnmøringar til topps


Sunnmøringane Knut Slinning og Morten Schakenda har kvar på sin måte utmerkt seg med kreativ skaparkraft. No er bedriftene deira heidra med Reiselivsprisen 2010 og Bygdeutviklingsprisen frå Innovasjon Noreg.

Knut Slinning satsa alt på å utvikla enkle rom i urørt natur. Med Juvet landskapshotell i Gudbrandsjuvet i Valldal har han skapt eit hotell som har fått stor merksemd i inn- og utland. I eit fullsett Oslo Folketeater blei det populære hotellet sist veke utnemnt til årets reiselivsbedrift framfor Birkebeinerrittet og Fjord Tours, som var nominerte i same kategorien.

– Føredøme

Reiselivsdirektør Per-Arne Tuftin i Innovasjon Noreg meiner Knut Slinning og hotellet hans er eit føredøme for andre i same bransje.

– Bedrifta er eit handfast døme på at ein kan lukkast ved å satsa på spisse opplevingar, sa Tuftin.

Hotelleigaren var rørt og strålande glad over å få prisen.

– Ei slik merksemd betyr mykje og varmar langt inn i sjela og ryggmergen, seier han til Nynorsk pressekontor.

Han meiner prisen stadfestar at det løner seg å tenkja annleis i utviklinga av nye reiselivsprodukt, og at det er mogleg å skapa ein turistattraksjon også i Utkant-Noreg.

Kreativ bakar

Morten Schakenda er gründeren bak Bakeriet i Lom. Han har ein lang og spennande bakgrunn som kokk i inn og utland. Den kreative sunnmøringen har mellom anna vore leiar ved Gastronomisk Institutt og kjende restaurantar som Bagatelle, D´Artagnam og Holmenkollen Restaurant i Oslo. Etter to og eit halvt år i bakarlære ved Åpent Bakeri i Oslo bestemde han og familien seg for å flytta til Lom og byggja nytt bakeri i sentrum av bygda.

Juryen framhevar at Bakeriet i Lom har klart kunsten å sameina matkultur med god forretningsdrift. På få år har bakeriet fått eit namn som er kjent langt utanfor bygdegrensene.

– Vi er veldig stolte over å få prisen. Det betyr mykje for oss. Prisen fortel at vi har blitt lagt merke til og blitt verdsett. Det gjev også eit signal om at det går an å få til noko på bygda, seier ein strålande nøgd Morten Schakenda til Nynorsk pressekontor.

Prisdryss til Vestlandet

Det var ikkje berre Juvet landskapshotell og Bakeriet i Lom som kunne gle seg over prisar

kveld. Under arrangementet Skaperkraft i regi av Innovasjon Noreg og Ernst & Young vanka det også prisar til fleire andre suksesshistorier i norsk næringsliv. Vestlandet var sterkt representert også der.

Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt blei tildelt prisen for beste industrivekstskapar i Noreg, medan dagleg leiar Jan Magnus Kleven i Bunker Oil vart noregsmeister i kategorien handel. Selskapet driv sal av bunkersolje, smørjeolje, bensin, diesel og fyringsolje frå kysten frå Møre til Finnmark. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...