Heim Nyhende Drilla nynorsk-argumenta

Drilla nynorsk-argumenta

– Det finst argument mot sidemålet, men det er også veldig mange argument som held vatn, meinte Vebjørn Sture under Snnmørsseminaret.

 

For andre året på rad vart Sunnmørsseminariet arrangert denne helga i regi av Sunnmøre mållag. Ein av dei viktigaste årsakene til at seminaret vert arrangert er at målrørsla skal verte tryggare på sin eigen argumentasjon, skriv Møre – Nytt.

– Viktigaste grunnen til at vi arrangerer desse seminara er at det mange målfolk ofte grur seg til er å gå ut og argumentere. Det er vanskeleg, og ein krevjande argumentasjon fordi argumentasjonen mot nynorsk er veldig instrumentalistisk. Vi har ikkje bruk for det, og fleirtalet treng ikkje nynorsk og det kostar så mykje pengar. Sjølv i Ørsta så seier folk at Ivar Aasen er den dyraste mannen i Noreg si historie, og slike ting. Det som er føremålet med seminaret er at folk skal verte flinkare å argumentere for nynorsken, seier leiar Terje Kjøde i Sunnmøre mållag til Møre – Nytt.

Leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture har saman med Janne Nygård skrive boka ”Kva skal vi sidemål? Argument og fakta”, og gav deltakarane ein grundig gjennom gjennomgang av punkta som taler for sidemål, og mytane som taler mot.

– Det finst argument mot sidemålet, men det er også veldig mange argument som held vatn. Vi i målrørsla må også verte flinkare til å sparke ballen i angrep og tale vår sak først, i staden for å parkere bussen framfor mål kvar gang og vere defensive, seier Sture.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...