Bjørn Sortland er lei av at folk spør kvifor han skriv barnebøker. Ti festivalforfattarar skriv om skriving i jubileumsboka til Falturiltu
Han vil først og fremst bli sett på som forfattar.
– Den einaste legitimiteten eg kan finna for mi eiga skriving er at eg har lyst. Først og fremst det. Skrivelyst. Ofte har eg ikkje lyst, heller. Berre ein eller annan udefinerbar trong. Eller eg gjer det fordi eg ikkje kan noko anna. Det er difor eg er forfattar, skriv Bjørn Sortland i den ferske boka Falturiltu. Kjærleik til nynorsk barnelitteratur gjennom ti år.
Boka markerer at det i år er ti år sidan den nynorske barnebokfestivalen på Stord blei arrangert for første gong. Sortland er bidragsytar i boka saman med dei andre festivalforfattarane opp gjennom åra.
Han etterlyser auka respekt for barne- og ungdomsbøker i media og meiner bøker for barn og unge har mykje lågare status enn vaksenbøker.
– Ofte er det tilfeldigheitstyrraniet som råd. Litteratur for ungar taper, skriv han og etterlyser meir seriøs kritikk av barnebøker.
– Hyll oss, slakt oss, eller helst noko midt i mellom, men på ein skikkeleg måte, på premissane til litteraturen, lyder oppmodinga frå festivalforfattaren som har skrive over femti bøker.
Reiser gjennom eigne forfattarskap
Dei andre forfattarane i boka er Einar Økland, Maria Parr, Erna Osland, Hans Sande, Ingelin Røssland (bildet), Oskar Stein Bjørlykke og Rune Belsvik. Tekstane deira handlar meir om reisa gjennom eige forfattarskap og tankane rundt det å skriva for barn
Dei fortel både om kva som driv dei, tankar rundt eigne bøker og kvifor dei skriv for unge lesarar. Vi får også høyra om når det buttar, når forfattarane opplever idetørke og skrivesperre – og om gleda når skrivinga losnar igjen.
Drivne av eigne lesegleder
Gleda ved å lesa då dei sjølve var barn er ei viktig drivkraft for fleire av forfattarane.
– Når eg skriv, trur eg at eg prøver å vidareføra mine eigne lesegleder, skriv Ragnar Hovland.
Tanken på seg sjølv som barn er også viktig for fleire av dei andre forfattarane. Einar Økland (bildet) kallar det å skriva barnelitteratur ei poetisk verksemd som fornyar og forfriskar kontaktane med røyndommen og si eiga sjølvkjensle.
– I mi skriving for barn har det å vera åleine med seg sjølv vore noko sentralt og verdifullt, skriv Økland. Han meiner det er ein føresetnad for å ha det bra med seg sjølv og håpar det er ein verdi han som forfattar kan vera med å føra vidare til andre.
– Kan somme av tekstane mine få nokon til å vera åleine med seg sjølv nokre augneblinkar – og tykkjer det er godt – skal eg vera nøgd, skriv han.
Les siste Falturiltu-nytt her!
LES OGSÅ: Maria Parr: – Alle barndommar er like viktige
David og Ronja som forbilde
Maria Parr blir gjerne kalla den nye superstjerna i norsk barnelitteratur. Fleire har samanlikna den sterke karakteren hennar, Tonje Glimmerdal, med Pippi Langstrømpe. Den svenske superhelten var likevel ikkje var den Maria Parr identifiserte seg mest med som barn. Ein av dei viktigaste heltane hennar var lenge den uredde gjetarguten David i Det gamle testamentet, som vann over dei store og sterke og seinare blei konge.
I artikkelen avslører ho at karakteren hennar i utgangspunktet ikkje heitte Tonje, men Tore Glimmerdal. Ein artikkel om mangelen på sterke, sjølvstendige kvinner i norske barnebøker, blei derimot ein vekkjar for henne. Då oppdaga ho at historiene om Ronja Røvardotter også hadde vore heilt avgjerande for henne i oppveksten. Dermed blei Tore til Tonje Glimmerdal.
– Eg skjemdest fordi eg ikkje hadde skjøna og sett dette sjølv. Det var så sjølvsagt. Det var berre å kjenna etter, skriv Maria Parr og fortel at Ronja Røvardotter var ein person ho heilt og fullt kunne leva seg inn.
Ho meiner barn treng å lesa historier om heltar og heltinner for å visa kva som er mogleg.
Få nyhendebrev med siste boknytt her!
Når barneboka provoserer
I boka får vi også høyra om kor viktig forlagsredaktørane er for å hjelpa fram nyskapande, nynorsk barnelitteratur. Men av og til er det ikkje alltid like enkelt. Kva bør gjevast ut og ikkje?
Forfattaren Hans Sande går sterkt ut mot det han kallar grensejegerane. Det vil seia personar han meiner set grenser for ytringsfridomen, kreativiteten og kva som sømer seg i barne- og ungdomsbøker.
Fleire namngjevne forlagsredaktørar får gjennomgå. Det same gjer bibliotekarar og andre som prøver å setja grenser for sterke barne- og ungdomsbøker.
– Vi treng både eit mangfald i litteraturen og eit mangfald av redaktørar med ulike litteratursyn og ulike syn på si eiga rolle, strekar han under.