Barnerogrammet Drømmehagen på NRK kjem no også i bokform. Dei tre bøkene om Hoppsi Deisi, Hinkelpinkel, Makka Pakka og dei andre figurane blir gitt ut på nynorsk.
Drømmehagen er ein britisk produksjon som først og fremst rettar seg mot barn frå 0 til 3 år. Programmet er svært populært, og det vekte sterke reaksjonar då NRK flytta programmet frå ettermiddag til føremiddag i januar i år. Fremstegspartiet tok dette opp i Stortingets spørjetime, utan at politkarane valde å involvere seg konkret i saka.