Finst det nokon eigen vestlandshumor, og kva kjenneteiknar i så fall den? Det har NRK og Bokloggen kanskje nokre svar på.
Vestlandshumor er gjerne ikkje ein eigen litterær kategori, men at mange vestlandsforfattarar dyrkar det humoristiske er det ingen tvil om, seier kritikar i Dagbladet, Trygve Riiser Gundersen. Han trekker fram Agnes Ravatn, Olaug Nilssen og Edmund Austigard som døme på unge forfattarar som har blitt kjende for litteratur med humor dei siste åra. Og Riiser Gundersen meiner desse er inspirerte av ein annan vestlandsforfattar: Ragnar Hovland.
Det siste har også NRK sin eigen litteraturmeldar Marta Norheim merka seg. – Det er mange unge forfattarar som seier at det er Hovland dei har lært av, men dei fleste har heldigvis også ein egen stil. Nokre av dei er grovare enn Hovland. Olaug Nilssen er for meg den råaste av alle, seier Norheim til NRK.