Noregs Mållag meiner ein del valfridom i den nye rettskrivinga er teneleg.
Noregs Mållag har no kome med høyringssvar om ny nynorsk rettskriving. Sidan det er for knapp tid til å behandle innstillinga til ny rettskriving på landsmøtet som går av stabelen i Suldal 8 – 10 april, har styret vurdert innstillinga opp mot det siste rettskrivingsvedtaket organisasjonen har gjort.
Blant anna kom det fram på landsmøtet i Stavanger at normeringa må gå ut frå dialektane og nynorsken slik den er i dag, og at ein del valfridom er teneleg.
– Landsmøtet i Noregs Mållag meinte det var teneleg å halde på ein del av valfridommen. Dette oppfyller den nye rettskrivinga i nokon grad. Nemnda har valt å jamstelle former der det finst fleire som er mykje i bruk. Samstundes fjernar dei ein del “signalord” som er like på bokmål og nynorsk. Me ser at dette reduserer valfridommen og vil gjere nynorsken enkel å kjenne att, men vil likevel åtvare mot å nytte enkeltord til å gjennomføre symbolpolitikk, heiter det i høyringssvaret.
Her slår også styret i Noregs Mållag fast at nynorsk er eit sjølvstendig skriftmål, og må nomerast på sjølvstendig grunnlag, og at den nynorske tradisjonen har ein eigenverdi. Dei meiner også det er positivt at inkonsekvensar og lite brukte former vert fjerna, og at det er på tide å fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer.
Les høyringssvaret her.