Heim Nyhende – Eit alvorleg åtak på nynorsken

– Eit alvorleg åtak på nynorsken

Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård,  meiner det er eit alvorleg åtak på nynorsken når Høgre vil fjerne både mållova og sidemålsopplæringa. 

 

– Mållova og sidemålsopplæringa er to berebjelkar for norsk språk generelt, og for jamstillinga mellom nynorsk og bokmål spesielt. Når Høgre sitt framlegg til Stortingsvalprogram vil fjerne begge desse berebjelkane, er det eit alvorleg åtak på jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, seier Øvregård i ei pressemelding

Les også: Reagerer på nynorsk-utspel

Han meiner det er oppsiktsvekkjande at Høgre vil svekkje norsk språk i offentleg forvaltning, fjerne nynorskbrukarane sine språklege rettar og gjere nynorsken mindre synleg i ålementa. 

– Skal nynorsk og bokmål kunne nyttast på alle samfunnsområde, må både fleirtalspråkbrukarar og mindretalspråkbrukarar meistre begge språka. Ei svekking av sidemålsordninga i skulen er ei svekking av nynorskbrukarane sine språklege rettar, det er også ei svekking av forventninga til statelege tilsette om å meistre begge språka, slår han fast. 

Han er no glad for at det er eit gryande opprør mot forslaga i partia. Blant dei som har gått ut mot programkomiteen sitt framlegg er sentralstyremedlem Arne Hjeltnes, ordførar i Stord kommune og leiar i Hordaland Høgre Liv Kari Eskeland, ordførar i Aurland Noralv Distad, ordførar i Haram kommune Bjørn Sandnes, ordførar i Førde kommune Olve Grotle og varaordførar i Volda kommune Eivind Næcdal-Bolstad. 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...