Heim Nyhende Eit langt prosjekt

Eit langt prosjekt

Me meiner me er godt i gang med å fylgje opp språkmeldinga, men det er framleis mykje som skal gjerast, seier kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap).

Kulturministeren viser til at språkmeldinga er eit prosjekt ein aldri vil bli ferdig med.

– Meldinga skisserer ein ny og meir heilskapleg språkpolitikk på varig basis. Oppfylgjing av meldinga er slik sett eit permanent prosjekt, ikkje noko me skal bli ferdige med på eit gitt tidspunkt, slår ho fast.

Ho meiner språkmeldinga er det mest omfattande språkpolitiske grunnlagsdokumentet som er kome på mange tiår, ikkje minst sidan språkpolitikken no ikkje lenger berre gjeld rettskrivings-og opplæringsspørsmål.

Regjeringa har ikkje starta arbeidet med å få laga ei allmenn språklov, dette arbeidet lovar no kulturministeren vil ta til i 2011. Derimot er blant anna  arbeidet med å få etablert ein norsk språkbank, revisjon av nynorskrettskrivinga, etablering av Språkåret 2013 og Vinjefondet i gang.

Les meir om språkmeldinga og kva som er gjennomført av dei ulike tiltaka i neste utgåve av LNK-avisa.

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...