Heim Nyhende – Slutt å herse med oss

– Slutt å herse med oss

Fleire hundre forkjemparar for lokalsjukehus frå heile landet demonstrerte måndag ettermiddag framfor Stortinget mot regjeringa og planar om nedlegging av lokalsjukehus.

Nils Johan Ystanes i Folkebevegelsen for lokalsjukehus på Vestlandet var klar i talen når han bad politikarane slutte å herse med folk.

– Regjeringa har gløymt folket og gløymt brukarane av lokalsjukehusa. I distrikta har den mora som skal føda eit namn, sa Ystanes i sin appell.

Han understreka også at eit sjukehus utan akuttfunksjonar og fødetilbod ikkje kan kallast eit sjukehus.

– Det er innhaldet som definerer tilbodet. Det er i alle fall ikkje bygningsmassen. Regjeringa bryt med sine eigen veljarar. I Soria Moria erklæringa står det klart at dei ikkje skal leggje ned lokalsjukehusa. Bodskapen er klar frå Årdal, Lærdal, Nordfjordeid og Odda – stopp nedbygginga av sjukehustilbodet, heldt Ystanes fram.

I førre veke behandla dei siste helseføretaka planane om den framtidige sjukehusstrukturen, og neste steg er ei vurdering av konklusjonane til dei ulike helseføretaka i neste føretaksmøte. Deretter kjem saka på bordet til helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Stort engasjement
Tre busslaster frå indre Sogn, i tillegg til bussar med folk frå mellom anna Nordfjord og Odda kom til demonstrasjonen. I Kristiansund sponsa til og med næringslivet flyturen til demonstrantane. Men det var ikkje berre Vestlandet som var representert. Sjukehusa i Narvik, Mosjøen, Volda, Rjukan, Stord og Aker hadde også sendt representantar.

To av dei som hadde teke turen var Ottar Brun og Nina Dolmen frå Øvre Årdal. Begge to håpar demonstrasjonen kan føre til at politikarane får auga opp for engasjementet.

– Eg håpar at dei får behalde kirurgien ved sjukehuset og fødetilbodet, seier Nina Dolmen.

Men ingen av dei er sikre på om politikarane kjem til å høyre på demonstrantane.

– Det handlar om å spare pengar. Dei seier dei ikkje set ein pris på menneskeliv, men det har dei motbevist fleire gonger, meiner Ottar Brun.

Det får ikkje følgjer berre for helsetilbodet, men også for arbeidsplassar i regionen.

– Me får ikkje rekruttert legar og sjukepleiarar til distrikta, dersom nesten heile tilbodet skal leggjast ned, seier Dolmen.

Fleire tusen underskrifter
Helseminister Anne Grethe Strøm-Erichsen tok under demonstrasjonen imot 30.000 underskrifter frå folk busett i dei fire helseregionane. Ho understreka i sin tale til demonstrantane at ho var imponert over engasjementet.

– Ingen som er her kan la vere å bli imponert over engasjementet de viser. Men eg vil seie ein ting – det er at me har eit godt sjukehustilbod i Noreg. Folk som blir sjuke får god behandling. Det blir ikkje mindre pengar til helse i Noreg, det blir meir. Men me må gjere endringar, sa Strøm-Erichsen.

Politisk engasjement
Opposisjonen på Stortinget møtte mannsterke opp på demonstrasjonen. Og meldinga til dei var klar.

– Me krev at de gjer noko no. Me har ikkje tid til å vente. Medan nasjonal helseplan er til høyring, så jobbar helseføretaka med strukturendringar som de ikkje får seie noko om. Nedlegginga av fødetilbod skapar usikkerheit i lokalsamfunna. Me har ikkje tiltru til helseføretaka. Dei lever i ei parallell verkelegheit, sa koordinator for Folkebevegelsen for lokalsjukehusa Bente Øien Hauge.

– Lokalsjukehusa er faktisk løysinga, heldt ho fram.

Helsepolitisk talsmann og leiar av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget Bent Høie (H) takka dei frammøtte for engasjementet.

– Me skal ta med oss bodskapen, sa han.

Sogning, Arbeidarpartipolitikar og stortingsrepresentant for Akershus Gunvor Eldegard vart rørt av demonstrasjonen.

– Eg blir rørt når eg ser engasjementet. Eg skjønnar at dei kjenner seg utrygge. Dei seier me har lita politisk styring. Eg meiner me må ta tilbake kontrollen, sa Eldegard.

Ho seier at politikarane blir påverka av demonstrasjonen.

– Det er klart det betyr noko dette engasjementet. Eg kjem til å ta dette opp med helsefraksjonen, sa Eldegard. (©NPK)

Førre artikkelPresterer betre
Neste artikkelEit langt prosjekt

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...